Bek er eit reststoff som vert att etter destillasjon av ulike organiske stoff. Ein får ulike typar bek alt etter kva som vert destillert. Ein kan til dømes få tretjørebek, steinkolbek eller petroleumbek.

Eksperiment med bekdropar i Queensland, som skal syne viskositeten til bek. Etter at eksperimentet tok til i 1930 har det berre kome ni dropar.

Tretjørebek vert brukt når ein kalfatrar nata i huda eller på dekk av eit fartøy.

Bekatråd som har vorte brukt av skomakarar er og beka med tretjørebek. Bek til dette bruk kan ein lage ved å koke inn tretjøre, og setje til sauetalg. For kvar liter tjøre ein kokar, set ein til 100-150 gram talg. Tjøren må innkokast til om lag ein tredel før talga vert tilsett.

Kjelde endre

  • Norsk Allkunnebok I. 1948
  • Lars Longva: Tjørebrenning på Pollmoen i Syft og Skaut. Jula 98 Sykkylven 1998.