Commentarii de Bello Gallico
(Omdirigert frå Bellum Gallicum)
Commentarii de Bello Gallico (Oppteikningar frå gallarkrigane), stundom berre De Bello Gallico, er eit verk på åtte bøker om dei romerske krigane i Gallia mellom 50 fvt og 58 fvt. Dei sju fyrste bøkene er skrivne av Julius Cæsar, den åttande av Aulus Hirtius etter at Cæsar var dåen.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/1e/Julii_Caesaris_quae_exstant.tif/lossy-page1-220px-Julii_Caesaris_quae_exstant.tif.jpg)
Bøkene har vore lovpriste for ei klår, rein latinsk språkføring, og har ofte vore dei første verkelege tekstane latinstudentar har gjeve seg i kast med. Dei er òg verdifulle for skildringane dei gjev av Gallia og gallarar.
Omsetjingar til norsk
endre- Gaius Julius Cæsar, Gallarkrigen : fyrste og andre boki; frå latin ved Bjarne Svare, band 8 i serien Klassiske bokverk. Oslo 1925: Det Norske Samlaget.
- Gaius Julius Cæsar, Gallerkrigen; omsett av Johan Hammond Rosbach. Oslo 2008: Aschehoug i samarbeid med Fondet for Thorleif Dahls kulturbibliotek og Det norske akademi for sprog og litteratur. ISBN 978-82-03-19360-6