Belogorsk i Amur oblast
Belogorsk (russisk Белого́рск) er ein by i Amur oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tom, ei sideelv til Zeja, rundt 100 km nordaust for Blagovesjtsjensk.
Belogorsk Белогорск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Amur oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1860 1926 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
67 767 | ||
Koordinatar | 50°55′N 128°29′E / 50.917°N 128.483°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
YAKT (UTC+9) YAKST (UTC+10) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 676850 | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 41641 | ||
Nettstad: www.belogorsktown.ru |
Belogorsk vart grunnlagt i 1860 som Aleksandrovskoje og fekk han bystatus i 1926 med det nye namnet Aleksandrovka. I 1931 vart namnet igjen endra, til Krasnopartizansk og i 1936 igjen til Kujbysjevka-Vostotsjnaja. Det noverande namnet fekk han til slutt i 1957.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Belogorsk (Amur oblast)» frå Wikipedia på bokmål, den 17. januar 2009.