Zeja (russisk Зея; mandsjuisk Jingkiri bira) er ei elv i Amur oblast i Russland og ei av sideelvane til Amur frå venstre. Ho er 1242 km lang og har eit nedslagsfelt på 233 000 km².

Zeja
elv
Land Russland
Nedslagsfelt 233 000 km²
Lengd 1 242 km
Munning Amur
Kart
Zejaelva
55°44′10″N 130°34′20″E / 55.736111111111°N 130.57222222222°E / 55.736111111111; 130.57222222222
Wikimedia Commons: Zeya River

Elva har kjelda si ved Tokijskij Stanovik-ryggen, ein del av Stanovojfjella og renn gjennom Amur oblast til ho munnar ut i elva Amur nær Blagovesjtsjensk

Av sideelvar finn ein Tok, Mulmuga, Brjanta, Giljuj, Urkan, Kupuri, Argi, Dep, Selemdzja og Tom.

Dei største byane langs Zeja er Zeja, Svobodnyj og Blagovesjtsjensk. Kraftverket Zejskaja GED ligg òg langs elva.

Kjelder endre