Belojesjøen i Vologda oblast

(Omdirigert frå Belojesjøen)
Sjå òg Belojesjøen i Nizjegorod oblast

Belojesjøen (russisk Белое) er ein innsjø i Vologda oblast i Russland. Han er nesten sirkelforma og har ein diameter på om lag 46 km. Den største djupna er 33 meter. Dei største elvane som renn ut i innsjøen er Kovzja, Kema og Megra. Vatnet i innsjøen renn ut i Rybinskreservoaret i [Volga] via Sjeksna. Innsjøen er ein del av Volga-Austersjø-kanalen. Ein av dei eldste byane i Russland, Belozersk, ligg ved breidda av innsjøen.

Belojesjøen
innsjø
Land  Russland
Tilsig Kovzja, Kema, Megra
Utløp Sjeksna
Koordinatar 60°10′N 37°38′E / 60.167°N 37.633°E / 60.167; 37.633
Kart
Belojesjøen i Vologda oblast
60°10′00″N 37°38′00″E / 60.166666666667°N 37.633333333333°E / 60.166666666667; 37.633333333333
Wikimedia Commons: Lake Beloye (Vologda Oblast)