Beltana
Beltana er ein liten stad (town) i Sør-Australia som ligg 540 km nord for Adelaide. Beltana er kjend for å ha fortsett å eksistera lenge etter at eksistensgrunnlaget forsvann. Staden blei folkesett frå 1870-talet då ein byrja med kopargruvedrift og bygginga av Australian Overland Telegraph Line og jernbanelinja The Ghan. Innbyggjartalet byrja å gå ned frå 1941 då ein byrja gruvedrift etter kol ved Leigh Creek og folk flytta dit i staden. I 1983 blei hovudvegen flytt vekk frå staden.[1] Beltana hadde sitt største folketal på 1880-talet, med 390 innbyggjarar i 1883.[2] Tidleg på 2000-talet budde berre rundt 20 folk i Beltana.[3]
Beltana har viktige band til utbygginga av telegrafen, den transkontinentale jernbana, gruvedrift, outback-livet, Australian Inland Mission og den «afghanske» kameltransporten i innlandet.[4] Restane etter byen, gravplassen og jernbanestrukturane blei erklært State Heritage Area i 1987.[4]
Ein har halde hesteveddeløp her sidan 1876, og ein har halde fram med å arrgangera piknikløp og gymkhana kvart år og landbrukstreff annakvart år.[3]
Opphavlege innbyggjarar
endreDei opphavlege innbyggjarane på staden var kuyani- og adnyamathanha-aboriginarar som pleide å vitja staden fordi det var vasskjelder i nærleiken, Warrioota og Sliding Rock, og mange eukalyptustre (red gums).[5] Då europearane slo seg ned her blei den tradisjonelle levemåten deira umogleg å fortsetja, og mange av dei blei gardsarbeidarar.[1] Etterkvart som byen gradvis blei fråflytt slo nokre aboriginarar seg ned i dei forlatne bygningane, og på slutten av 1960-talet var dei igjen ein majoritet i området.[6]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Interpreting Beltana's History, interpretative signs around the town». Heritage South Australia, Government of South Australia. 2006. Arkivert frå originalen 19. september 2006. Henta 10. september 2006.
- ↑ «Beltana», Beltana (på engelsk), henta 8. mars 2020
- ↑ 3,0 3,1 «Communities - Beltana». Outback Areas Community Development Trust. 2003. Arkivert frå originalen 29. august 2007. Henta 10. september 2006.
- ↑ 4,0 4,1 «Beltana State Heritage Area». Heritage South Australia, Government of South Australia. 2006. Arkivert frå originalen 19. september 2006. Henta 10. september 2006.
- ↑ «Beltana», The Sydney Morning Herald (på engelsk), 8. februar 2004, henta 8. mars 2020
- ↑ Aird G 1984, p. 12
- Denne artikkelen bygger på «Beltana» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2020.