Beneden-Merwede
(Omdirigert frå Beneden Merwede)
Beneden Merwede er ei elv i Nederland. Ho er ei fortsetjing av elva Boven-Merwede som er ei grein av kanalen Nieuwe Merwede. Ho renn frå Hardinxveld-Giessendam til Dordrecht, der ho delar seg i Noord og Oude Maas. Lengda hennar er 14,9 km. Merwede er ein del av skipsruta mellom Rotterdam og Tyskland.
Beneden-Merwede | |||
elv | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 15 km | ||
Kjelde | Boven-Merwede | ||
Munning | Noord og Oude Maas | ||
Beneden-Merwede 51°49′08″N 4°45′30″E / 51.818888888889°N 4.7583333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Beneden-Merwede |
Det går ei vegbru og ei jernbanebru over elva.
Bakgrunnsstoff
endre- Kart over fiskevandring i området Arkivert 2006-05-18 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beneden Merwede» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2008.