Benthos
Benthos eller bentiske organismar er eit samleomgrep for ulike organismar som lever i, på eller i umiddelbar nærleik av botnen av vatn. Desse organismane omfattar m.a. pigghudingar, svampar, korallar, muslingar, mange fisk og krepsdyr og ei rekkje andre livsformer.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8a/Coral_Garden.jpg/410px-Coral_Garden.jpg)
Ein kan dela desse organismane inn etter kva slags næringsopptak dei har i plantebenthos og dyrebenthos, eller me kan dela dei inn etter storleik. Vanlegvis reknar ein Makrobenthos som bentiske organismar større enn 1 mm, meiobenthos som dei mellom 1 mm og 32 µm, og ein reknar organismar mindre enn dette som mikrobenthos. Ein tredje måte ein kan dela bentiske vesen inn etter kvar i botnsubstratet ein finn dei. Endobenthos lever i sedimenta, epibenthos lever på dei, og hyperbenthos lever rett over dei.