Berdsk

by i Russland

Berdsk (russisk Бердск) er ein by i Novosibirsk oblast i Russland med om lag 95 000 innbyggjarar (2007). Han ligg rundt 30 km sør for Novosibirsk. Berdsk vart opphavleg grunnlagt i området som i dag ligg under vatn i Novosibirsk-reservoaret (òg kjent som Obhavet) sidan 1957. Byen vart då flytta.

Berdsk
Бердск
Horisonten til Berdsk
Horisonten til Berdsk
Byåpenet til Berdsk
Byvåpenet til Berdsk


Plassering
Berdsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Novosibirsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1716
1944
Borgarmeister Aleksander Terepa
Geografi
Flatevidd
 - By

70 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

93 300
  1 332,9 /km²
Koordinatar 54°45′00″N 83°06′00″E / 54.75000°N 83.10000°E / 54.75000; 83.10000
Høgd over havet 130 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 63300x
Retningsnummer (tlf) (+7)38341
Nettstad: www.berdskadm.ru

Historie endre

 
Katedral i Berdsk

Den første busetnaden vart nemnt i åra 1713–1718, då russarane bygde ei festning ved samløpet mellom elvene Ob og Berd. Berdsk er dermed langt eldre enn den langt meir kjente nabobyen Novosibirsk. Berdsk fekk bystatus i 1944.

På 1950-talet vart bygginga av eit stort vasskraftverk sett i gang ved Novosibirsk. Dette medførte at Berdsk, som låg under vassnivået på det nye reservoaret, måtte flyttast. Mellom 1954 og 1957 vart bygningane i byen flytta til ein ny stad og det er no berre ein liten del av den opphavlege byen igjen på den opphavlege plasseringa.

Under sovjettida prega tre verksemder byen, radiofabrikken, den elektromekaniske fabrikken og den kjemiske fabrikken. Dei siste to har overlevd tida etter Sovjetunionen fall. I tillegg har det kome til føretak innan næringsmiddelindustrien.

Bakgrunnsstoff endre