Berd (russisk Бердь) er ei elv i Altaj kraj og Novosibirsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre.

Berd
elv
Elva Berd og Berdsbukta i byen Berdsk.
Land  Russland
Nedslagsfelt 8 740 km²
Lengd 363 km
Middelvassføring 45,8 /s
Kjelde Salairryggen
 - høgd 330 moh.
Munning Novosibirsk-reservoaret
 - høgd 113 moh.
Kart
Berd
54°47′00″N 83°04′10″E / 54.783333333333°N 83.069444444444°E / 54.783333333333; 83.069444444444
Wikimedia Commons: Berd River

Elva spring ut frå vestsida av Salairryggen og renn 30 km i Altaj kraj før ho kryssar grensa til Novosibirsk oblast. Ho munnar ut i Berdskbukta i Novosibirsk-reservoaret, som oversvømte dei nedste 40 km då det stod ferdig. Elva er 363 km lang (opphavleg 416 km), med eit nedslagsfelt på 8 740 km². Middelvassføringa er på 45,8 m³/s.

Elva frys til i byrjinga av november, og er isdekt til april.

Det ligg to byar ved Berd, Berdsk og Iskitim.

Kjelder endre