52°45′28″N 9°54′28″E / 52.75778°N 9.90778°E / 52.75778; 9.90778

Etter den britiske frigjeringa 19. april 1945 av Bergen-Belsen vert lik skuffa ned i ei massegrav.
Inngangen til Bergen-Belsen i 2004
Oversynsplan over minneområdet og gravfelta.

Bergen-Belsen var ein konsentrasjonsleir om lag 20 kilometer nord-vest for byen Celle i Niedersachsen i Tyskland. Ein reknar med at mellom 1943 og 1945 døydde fleire enn 50 000 sivile fangar i denne leiren. I leiren nytta dei ikkje gasskammer til å ta livet av folk, men svolt, sjukdom og tortur. Det var her Anne Frank og syster hennar, Margot Frank, døydde av tyfus på slutten av krigen, i byrjinga av mars 1945. Leiren hadde då vorte fylt opp av fangar frå austlege leirar, og hadde mykje fleire folk enn det var plass til.

Bergen-Belsen vart skipa i 1940 av Wehrmacht (den tyske hæren) som fangeleir for 600 franske og belgiske soldatar, og fekk i mai 1941 namnet Stalag 311 (XI C). Ikkje før i slutten av 1941 vart det sett opp brakker som fangane kunne bu i. Til då hadde dei budd i telt og holer i jorda. Frå juli 1941 vart òg om lag 20 000 sovjetrussiske krigsfangar innesperra i leiren, og måtte bu under open himmel. Innan våren 1942 hadde 14 000 fangar døydd av kulde, svelt og sjukdomar. Berre i tida mellom januar og april 1945 døydde om lag 35 000 fangar. Då britane frigjorde Bergen-Belsen 15. april 1945 var det rundt 60 000 levande fangar i leiren, men av desse døydde om lag 13 000 dei komande dagane og vekene av avkrefting og av dei sjukdomane som herja på grunn av dei elendige tilhøva folk hadde levd under. Ein reknar med at til saman 70 000 har døydd som fylgje av opphald i Bergen-Belsen.

På staden, som i dag er ein part av byen Bergen, er det no eit minnemonument, ein minnepark og eit museum. I Bergen vert det årleg skipa til ein Anne Franks fredsdag til minne om henne. Då samlast ungdom frå heile Europa for å diskutera korleis forståing og fredelege sameksistens mellom folk av ulike nasjonar og religionar kan fremjast.

Bakgrunnsstoff endre