Bergenhus amt
Bergenhus Amt er eit tidlegare amt i Noreg. Amtet vart oppretta i 1662 som ei vidareføring av det tidlegare Bergenhus len. Amtet vart i 1763 delt opp i Nordre Bergenhus Amt og Søndre Bergenhus Amt. Nordre Bergenhus Amt omfatta fogderia Sunnfjord, Nordfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Som administrativ eining har Sogn og Fjordane fylke eksistert frå då Bergenhus Amt vart delt. Namnet på Søndre Bergenhus Amt vart i 1919 endra til Hordaland fylke.
Sjå òg
endre- Bergenhus - om ulike ting med namnet Bergenhus