Kommunar i Sogn og Fjordane, delt i regionane Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn.

Indre Sogn er ikkje ei fast geografisk avgrensing, men vert ofte brukt som ei fellesnemning for kommunane og landområdet inst i Sognefjorden. Når ein deler Sogn i to geografiske område, Indre Sogn og Ytre Sogn, omfattar Indre Sogn kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Området midt i Sogn, altså dei kommunane som ligg lengst vest i Indre Sogn vert av og til omtala som Midtre Sogn.

Kommunar i Indre SognEndra

Indre Sogn består av åtte kommunar:[1]

Nr Våpen Navn Innbyggere Målform
1419   Leikanger kommune 2 236 Nynorsk
1420   Sogndal kommune 7 348 Nynorsk
1421   Aurland kommune 1 712 Nynorsk
1422   Lærdal kommune 2 205 Nynorsk
1424   Årdal kommune 5 572 Nynorsk
1426   Luster kommune 5 026 Nynorsk
1417   Vik kommune 2 748 Nynorsk
1418   Balestrand kommune 1 338 Nynorsk

Tidleg HistorieEndra

Manntalet frå 1701 frå Ytre og Indre Sogn futedøme viser at prestegjelda som vart plassert i Indre Sogn var Lærdal, Sogndal, Luster og Hafslo, medan prestegjelda Vik, Leikanger, Aurland, Voss, Askvoll og Eivindvik var i Ytre Sogn[2]

Ein matrikkel frå 1723 inkluderer desse skipreida i Indre Sogn: Lærdal, Borgund, Årdal, Luster, Marifjøra, Solvorn, Sogndal og Norum. Skipreida i Ytre Sogn var i 1723 Aurland, Nærøy, Systrond, Tjugum, Kvamsøy, Vik, Klævol, Lavik og Utvær.[3]

AmtstidaEndra

Nordre Bergenhus Amt, det som i dag er Sogn og Fjordane fylke, vart oppretta i 1763 vart amtet delt i fire futedøme: Ytre Sogn og Indre Sogn, Nordfjord og Sunnfjord.[4]

I 1917 gav Det Statistiske Centralbyraa ut "Norges Civile, Geistelige og Judicielle Inddeling", og i tabell 3 finn vi "Rikets inddeling amtsvis i prestegjeld; og sogn, bykommuner og herreder, lensmandsdistrikter, tinglag, sorenskriveri og fogderi." Her kan vi sjå at futedømet heiter Sogn, men at det er delt inn i Indre Sogn og Ytre Sogn sorenskriveri. I Indre Sogn finn ein: Jostedalen, Lærdal, Hafslo, Årdal, Luster og Sogndal. I Ytre Sogn finn vi Aurland, Balestrand, Leikanger, Vik, Lavik], Gulen og Sulen.[5]

Moderne brukEndra

Jordskiftesoknet til Indre Sogn Jordskifterett omfattar kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.[6]

Sogn regionråd er eit samarbeidsorgan for kommunane i Indre Sogn: Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Regionrådet jobbar med rammevilkår for busetnad og næringsliv, samt med samordning.[7]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Statistisk Sentrabyrå Folkemengd 1. januar 2012 og endringane i 2011. Sogn og Fjordane.
  2. Arkivverket - DigitalarkivetYtre og Indre Sogn fogderi, Manntall 8, 1701
  3. Arkivverket - Digitalarkivet Ytre og Indre Sogn, Matrikkel , 1723
  4. Store Norske Leksikon Nordre Bergenhus amt
  5. Det Statistiske Centralbyraa Norges Civile, Geistelige og Judicielle Inddeling
  6. Indre Sogn Jordskrifterett
  7. Sogn regionråd: Om Sogn regionråd
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.