Bergen Mekaniske Verksted AS

skipsverft i Solheimsviken, Bergen
(Omdirigert frå Bergens mek. Verksteder)

A/S Bergen Mekaniske Verksted (BMV) var eit selskap som blei stifta i 1855 og låg i Solheimsviken (Årstad). Berre få år etter etableringa var det ei av Bergens største industribedrifter, med 429 tilsette. Seinare fekk BMV også ei avdeling i Laksevåg. For å auke kapasiteten fekk Laksevågavdelinga ein flytedokk i 1933.

Sjøsetting av M/S Taranger hjå Bergen Mekaniske Verksted i november 1969

BMV Solheimsviken vart i 1985 kjøpt av dei tilsette, før drifta endeleg vart lagt ned i 1991. BMV Laksevåg vart kjøpt av Mjellem & Karlsen i 1991. Mjellem & Karlsen gjekk sjølv konkurs i 2002, men restane vart teke over av eit føretak nydøpt som Bergen Mekaniske Verksted AS. Føretaket endra igjen namn til Bergen Group BMV i løpet av 2007-2008, og er eit dotterføretak av Bergen Group ASA.

Bakgrunnsstoff endre