Bergisch Gladbach
Bergisch Gladbach er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonssete for landkreisen Rheinisch-Bergischer Kreis. Bergisch Gladbach ligg på austsida av elva Rhinen, om lag 10 km aust for Köln.
Bergisch Gladbach | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Köln Rheinisch-Bergischer Kreis |
Grunnlagd | 1856 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
83,12 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
105 587 1 270/km² |
Koordinatar | 51°06′0″N 07°07′0″E / 51.10000°N 7.11667°E |
Høgd over havet | 51-267 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 51401-51469 |
Telefon-retningsnummer | 02202, 02204, 02207 |
Bilnummer | GL |
Heimeside: www.bergischgladbach.de |
Hovudnæringa i byen er papirproduksjon, trykking, glastøy og tekstilar.
Historie
endreTidlege busetnadar eksisterte på 1200-talet, men byen vart først offisielt grunnlagd i 1856.
Ordet «Bergisch» i namnet kjem av at byen låg i jarldømet Berg, og vart lagd til for å skilje han frå Mönchengladbach. I 1975 vart byen slått saman med nabobyen Bensberg og fekk over 100 000 innbyggjarar i 1977.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bergisch Gladbach» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2007.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergisch Gladbach