Berit Rødstøl (fødd 30. mai 1979)[1] er ein norsk forfattar og dokumentarfilmskapar frå Verma. Ho forfattardebuterte i 2010 med romanen Himmelreisande. Romanen handlar om hunden Laika som vart send opp i verdsrommet.[2]

Berit Rødstøl

Berit Rødstøl (2010)
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. mai 1979 (44 år)
Rauma kommune
Yrke Filmskapar, forfattar
Periode 2010-
Debut Himmelreisande
Berit Rødstøl på Commons

Rødstøl er utdanna bachelor i fjernsynsregi, dokumentar frå Høgskolen i Lillehammer og har studert litteraturvitskap og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Ho har og studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland,[3] og har arbeidd som kommunikasjonsrådgjevar for DNT.[4]

Bøker endre

  • 2010 – Himmelreisande – roman

Referansar endre

  1. ««Berit Rødstøl»». forfatterkatalogen.no. Henta 16. februar 2012. 
  2. «Himmelreisande». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 16. februar 2012. 
  3. ««Tidlegare studentar»». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Henta 16. februar 2012. 
  4. ««Berit Rødstøl»». Nettstaden til Bjørnsonfestivalen. Henta 16. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff endre