Opna hovudmenyen
Verma i Romsdalen

Verma er ei bygd i Romsdalen, i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Hovudnæringa er gardsbruk og trevare.

Verma ligg lengst sør i Romsdalen der dalen stig opp til Bjorli i Oppland. Dalen er smal og har bratte lier opp til fjellet. Namnet Verma har tydinga varm.

Klimaet om sommaren er tørt og varmt, derfor er dalen prega av ein meir aust-norsk naturtype. Her finn ein artsrike blomsterenger og tørre skogar. Opp mot fjellet ligg nedlagde seterbruk.

Vermedalen er ein sidedal og går mot nordvest og er ein typisk U-dal. Elva Verma har ei lengd på 12 km og renn ut i elva Rauma. Vassdraget utnyttast til kraftproduksjon og kraftstasjonen Verma kraftverk ligg på Verma.

Jernbanebrua Kylling bru kryssar dalbotnen før Raumabanen held fram inn i vendetunnelane Kylling tunnel og Stavem tunnel.

Øverdalen kyrkje er kyrkje for bygdene lengst sør i Romsdalen.

Verma har ca 100 innbyggarar.