Opna hovudmenyen

Bernard Dietz

tysk fotballspelar

Bernard Dietz (fødd 22. mars 1948) er ein tysk tidligare fotballspelar frå Hamm som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og fekk sølvmedalje i EM 1976. Han spelte 1970-82 på MSV Duisburg og deretter på Schalke 04. Dietz spelte 53 kampar på Vest-Tysklands landslag i tida 1974-81 og var kaptein på laget frå våren 1979 til landslagstida tok slutt.

Bernard Dietz
Bernard Dietz 1985.jpg
Fødd 22. mars 1948
Hamm
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Bernard Dietz på Commons

KlubbspelEndra

Dietz var profesjonell fotballspelar med MSV Duisburg frå 1970. Dei neste tolv åra spelte han 394 bundesligakampar med laget som tok seg til finalen i den vesttyske cupmeisterskapen 1975, ein kamp som enda med tap 0-1 mot Eintracht Frankfurt. I 1982 vart han overført til Schalke 04 og spelte 101 bundesligakampar med laget frå Gelsenkirchen før han la opp i 1987, 39 år gammal.

LandslagsspelEndra

Dietz debuterte for Vest-Tyskland på bortebane mot Malta i ein EM-kvalifiseringskamp i desember 1974. Han spelte heile kampen då Vest-Tyskland tapte EM-finalen 1976 etter straffesparktevling mot Tsjekkoslovakia. Under verdsmeisterskapen i Argentina i 1978 var han med i alle dei fem kampane Vest-Tyskland spelte. Han var så kaptein på laget som vann fotball-EM 1980 etter finalesiger 2-1 over Belgia. Dietz kom aldri på skåringslista med landslagstrøya på.

MerittarEndra

  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
  • EM-sølv: 1976 med Vest-Tyskland
  • Tapande cupfinalist: 1975 med MSV Duisburg

KjelderEndra