Argentina

land i Sør-Amerika

Argentina er eit land i Sør-Amerika som ligg mellom Andesfjella i vest og Atlanterhavet i sør og aust. Det grensar til Bolivia, Brasil, Chile, Paraguay og Uruguay. Namnet Argentina kjem frå det latinske ordet for sølv, argentum. Landet fekk namnet på grunn av at dei første koloniherrene trodde landet var rikt på sølv.

República Argentina

(norsk: Argentina, argentinsk)

Det argentinske flagget Det argentinske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Oid, Mortales»
Motto En Unión y Libertad (i union og fridom)
Geografisk plassering av Argentina
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Buenos Aires
Styresett
Republikk
Javier Milei
Flatevidd
 – Totalt
 
2 780 400 km² (8.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
44 293 293 (32.)
15,9 /km² (172.)
Sjølvstende
  - Mairevolusjonen
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
25. mai 1810
9. juli 1816
1821 (av Portugal)
Nasjonaldag 25. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
964 300 mill. USD (25.)
23 700 USD (59.)
Valuta Argentinsk peso
Tidssone UTC -3
Telefonkode +54
Toppnivådomene .ar


Kart over Argentina

Geografi

endre

Argentina er det nest største landet i Sør-Amerika etter areal, berre Brasil er større. Det er det åttande største landet i verda med eit fastlandsareal på 2 780 400 km². Frå nord til sør er det rundt 3400 kilometer. Det finst store variasjonar i landskapet, frå fjellandskap til pampas og frå tropisk regnskog til forblåst kyst.

 
Frå Saltaprovinsen

Landet grensar mot Chile i vest over Andesfjella, Bolivia og Paraguay i nord, Brasil i nordaust, Uruguay og Sør-Atlanteren i aust, og Drakestredet i sør. Dei totale landegrensene utgjer 9 376 km. Kystlinja langs Río de la Plata og Sør-Atlanteren er 5 117 km lang.[1]

Det høgaste punktet i Argentina er Aconcagua i Mendoza-provinsen, 6 961 moh., som òg er det høgaste punktet på den sørlege og vestlege halvkula. Det lågaste punktet er Laguna del Carbón i San Julián-depresjonen i Santa Cruz-provinsen, −105 moh., som òg er det lågaste punktet på den sørlege og vestlege halvkula og det sjuande lågaste punktet på jorda.[2]

Det nordlegaste punktet ligg ved samløpet mellom elvane Grande de San Juan og Mojinete i Jujuy-provinsen, medan det sørlegaste punktet er Kapp San Pío i Tierra del Fuego-provinsen. Det austlegaste punktet ligg nordaust for Bernardo de Irigoyen i Misiones, og det vestlegaste er i nasjonalparken Los Glaciares i Santa Cruz. Den største nord–sør-utstrekninga er 3 694 km, medan den største aust–vest-utstrekninga er 1 423 km.[1]

Nokre av dei største elvane er Paraná og Uruguay, som renn saman og dannar Río de la Plata, samt Paraguay, Salado, Rio Negro, Santa Cruz, Pilcomayo, Bermejo og Colorado. Desse elvane munnar ut i Argentinahavet, den grunne delen av Atlanterhavet over den patagoniske sokkelen, ein uvanleg brei kontinentalsokkel. Havområdet blir påverka av to store havstraumar: den varme Brasilstraumen og den kalde Falklandsstraumen.[3]

Biodiversitet

endre
 
Aconcagua er det høgaste fjellet utanfor Asia, på 6 961 meter over havnivå, og det høgaste punktet på den sørlege halvkula[4]

Argentina er blant dei mest artsrike landa i verda, med ei av dei største økosystemvariasjonane globalt.[5] Landet omfattar 15 kontinentale soner, 2 marine soner og den antarktiske regionen. Denne enorme variasjonen gjev Argentina ei biologisk mangfald som er blant dei største i verda:[5][6] 10 221[7] katalogiserte karplanteartar (21. plass i verda), 1 041 fugleartar (15. plass), 407 pattedyrartar (14. plass), 475 reptilar (16. plass), 220 amfibiar (16. plass)[8]

Skogdekket utgjorde om lag 10 % av landarealet i 2020, tilsvarande 285 730 km², ein reduksjon frå 352 040 km² i 1990. Av dette var 271 370 km² naturleg regenererande skog og 14 360 km² planta skog. Ingen av dei regenererande skogane vart rapporterte som primærskog (urørt skog med urfolksvegetasjon), og rundt 7 % av skogarealet låg i verna område.[9][10]

Den opprinnelege pampasen hadde praktisk talt ingen tre, bortsett frå det einaste treliknande, ombú. Nokre innførte treslag, som amerikaplatan og eukalyptus, finst langs vegar og i busetnader. Jorda i pampasen er djupt svart og humusrik, noko som gjer regionen til ei av dei mest produktive jordbruksområda i verda. Samstundes har dette ført til at mykje av det opphavlege økosystemet har vorte erstatta av kommersielt jordbruk.

Argentina har 35 nasjonalparkar, som dekker ulike landskapstypar og biotopar, frå Baritú nasjonalpark ved grensa til Bolivia til Tierra del Fuego nasjonalpark i sør. Administración de Parques Nacionales har ansvaret for nasjonalparkane, naturminna og nasjonale reservat. Argentina fekk i 2018 ein Forest Landscape Integrity Index-score på 7,21 av 10, og rangerte på 47. plass av 172 land globalt.[11]

Klima

endre
For meir om dette emnet, sjå Klima i Argentina.

Argentina har fire hovudtypar klima: varmt og fuktig subtropisk klima, moderat til fuktig subtropisk klima, ørkenklima og kald ørkenklima. Alle klimatypar blir skapt av breiddegrad, høgde over havet, kyststraumar og terrengformer. Sjølv om dei mest folkerike områda har temperert klima, har Argentina ein svært stor klimavariasjon[12] – frå subtropisk klima i nord til arktisk klima lengst sør. Bioma inkluderer subtropisk regnskog, halvtørr pampas og ørken, tempererte grassletter (pampas), og subantarktis lengst sør.[13]

Årleg nedbør varierer frå 150 mm i dei tørraste delane av Patagonia til over 2 000 mm i dei vestlegaste delane av Patagonia og dei nordaustlege områda. Den gjennomsnittlege årstemperaturen varierer frå 5 °C i sør til 25 °C i nord.[12]

Viktige vindstraumar

endre

Pampero er ein kjølig vind som bles over slettene i Patagonia og pampasen etter ein kaldfront. Sudestada er ein vind som modererer kulden, men fører med seg kraftig regn, høge bølgjer og kystflaum, særleg om hausten og vinteren. Zondavind er ein varm og tørr vind som påverkar Cuyo og den sentrale pampasen. Denne vinden mistar alt fuktinnhald etter å ha passert Andesfjella i 6 000 meters høgde. Han kan vare i fleire timar og nå vindkast på opptil 120 km/t, noko som kan føre til skogbrannar og øydeleggingar. Når zonda bles mellom juni og november, fører han ofte til kraftige snøstormar med viento blanco (søramerikansk snømyrkre) i høgareliggjande område.

Klimaendringar

endre

Klimaendringar i Argentina er spådd å få monalege konsekvensar for levetilhøva i landet.[14] Temperaturar og nedbørsmønster endrar seg, og den største auken i nedbør mellom 1960 og 2010 har vore i austlege område. Dette har ført til meir variabel nedbør i nordlege område og auka risiko for langvarige tørkeperiodar, noko som skapar utfordringar for landbruket i desse regionane.

Historie

endre

Argentina var ein spansk koloni frå 1516 fram til 1816, då landet fekk sjølvstyre. Fram til den andre verdskrigen opplevde landet interne motsetnader. Desse motsetnadene var til dels mellom konservative og liberale politikarar, og til dels mellom politikarar og militære. I perioden 1946-55 var Juan Perón president. Han kom att i denne posisjonen i 1973 men døydde året etter, og vart då etterfølgd av den tredje kona si Isabel Perón som vart styrta av ein militærjunta i 1976. Dette militærdiktaturet vart kraftig svekka etter nederlaget i Falklandskrigen i 1982. Etter valet i 1983 har Argentina vore eit demokrati. Landet opplevde ein økonomisk nedtur i 2001.

Kolonistyre 1536-1816

endre
 
Buenos Aires i 1536

Den første europear som sette fot i Argentina var den spanske sjøfararen Juan Díaz de Solís, som i 1516 segla opp Río de Plata-munningen. Han vart han drepen av charrúa-indianarar. Mannskapet heisa segl heimover, men stranda på kysten av Santa Catarina i dagens Brasil. Her vart dei kjent med segna om Sølvkongen (Rey Blanco), ein hovding søkkrik på sølv. Dette gav opphavet til namnet Argentina.

Det vart gjennomført nokre ekspedisjonar og forsøk på etablere provinsielle busetnadar langs elvemunningen til Río de la Plata og elvebreidda opp Río Paraná etter denne hendinga. I 1536 grunnla spanjolen Pedro de Mendoza busetnaden Puerto de Santa María de Buen Ayre, seinare forkorta til Buenos Aires, men denne vart seinare fråflytta grunna svolt og konfliktar med indianarar. Frå før hadde dei spanske kolonistane erobra Perú og utforska stillehavskysten sørover mot Chile.

Det vart difor meir føremålstenleg å kolonisere Argentina frå vest og nordvest enn frå atlanterhavskysten. I 1553 vart Santiago de Estero grunnlagt etter fleire forsøk i regionen. Etter grunnlegginga av Córdoba i 1573 vart endeleg Buenos Aires gjenetablert. Spanjolane møtte sterk motstand mot dei mange indianargruppene og krig rådde i lengre periodar. Mykje tyder på at calchaquí-indianarane vart utrydda medan paziocas-indianarane vart deporterte som slavar. Frå før var Argentina langt tynnare folkesett enn andre område som spanjolane la under seg.

Sjølv om Buenos Aires voks fram som ei eksporthamn for ein del av sølvet frå høglandet i Perú (no Bolivia) og Paraguay, vart byen snart råka av handelsforbod (1594). Smugling tok ho over som den viktigaste økonomiske drivkrafta i byen og regionen. Skip frå Frankrike, Holland og særleg Portugal var aktive i dette hamnområdet. Særleg dei portugisiske territorielle ambisjonane og dei uklåre grensene mellom dei to kolonimaktene medførte etter kvart at spanjolane vart urolege over denne smuglinga. I tillegg synte dei lovlege handelsrutene via Peru seg som langdryge og kostbare, noko som hindra utvikling i området.

I 1776 endra Argentina sin status seg og fekk status som visekongedøme, Virreinato del Río de la Plata. Argentina var no ikkje lenger underlagt administrasjonen i Peru, men får eigen representasjon frå Spania. Denne representanten, visekongen, held til i Buenos Aires, noko som gjer at mange vedtak vert fatta lokalt. Ein eigen administrasjon vert difor bygd opp i byen. Likevel er denne strengt underlagt dei sentrale myndigheitene i Spania. Viktig her er at handel og administrasjon no ikkje lenger må gå omvegen om Peru.

 
Visekongedømet Rio de la Plata

Grensene for Río de la Plata samsvarar framleis ikkje med den seinare sjølvstendige nasjonalstaten Argentina. Dette visekongedømet femner om delar av dagens Uruguay, Paraguay og Argentina. Store delar av Río de la Plata låg utanfor myndigheitene sin kontroll og var busett av indianarar. Økonomien var basert på utsending av sølv, kopar og andre mineral frå gruvene i høglandet mot Peru. Langs denne ruta oppstod det ein mindre handverksindustri. I tillegg eksisterte det eit visst omfang av jordbruk og fedrift, men då som livsberge. I byen Buenos Aires var økonomien basert på utskipinga og administrasjonen, og tilhøyrande handverksarbeid.

Dei første tydelege teikna på ambisjonar om større sjølvstyre kom som ein konsekvens av britiske forsøk på invasjon av Buenos Aires i 1806-07. Representasjonen frå den spanske krona synte dårleg leiarskap og lokale argentinarar måtte ta saka i eigne hender for å forsvare byen. Visekongen vart kasta og ein ny representant vart valt av folket. Sjølv om dette ikkje tyda på krav om sjølvstyre, rådde det misnøye med Spania. Denne misnøya hadde sitt opphav i diskriminering av storparten av kolonistane. Dersom ein kolonist var fødd i Amerika vart han kalla for kreol (criollo) og rekna som annanrangs spansk borgar. Desse kreolane var av lov ekskludert frå dei viktigaste politiske og religiøse embeta. Desse embeta vart heller tildelt spanske borgarar fødd i Spania (peninsular). Dette vart oppfatta som sterkt urettferdig av kreolane. I 1810 endra likevel storpolitiske hendingar i Europa på dette. Napoleon invaderte Spania og erstatta den opphavlege kongen (Fernando VII) med sin eigen bror (José). Denne nye kongen vart aldri godkjent av kolonistane. I Río de la Plata vart kongens representant, visekongen, avsett og eit byråd sett opp. Denne hendinga er kjent som Mairevolusjonen i Argentina. Her er det likevel viktig å påpeike at dette byrådet ikkje erklærte sjølvstyre som sådan, men heller eit mellombels sjølvstyre så lenge den legitime kongen, Fernando VII, sat fanga under Napoleon. Dei skulle altså styre i påvente av at kong Fernando VII kom tilbake. Likevel var dette ikkje ein eintydig reaksjon. Fleire støtta faktisk den nye kongen i Spania. Dette enda med fleire krigar mellom ulike grupperingar. Den 9. juli 1816 erklærte likevel Argentina seg som ein sjølvstendig nasjon.

Argentina tek form som nasjonalstat 1816-1916

endre

Frigjeringshelten og offiseren José de San Martín trekte seg tilbake etter at Argentina oppnådde sjølvstende. Men kva politisk og territoriell form det nye landet skulle ta var framleis usikkert. Ikkje berre tida etter lausrivinga frå Spania, men også resten av 1800-talet var prega av borgarkrigar mellom ulike grupperingar, oftast mellom Buenos Aires og resten av landet (el interior). Politisk og sosial makt var knytt til såkalla caudillos, autoritære leiarar som styrte kvar sin provins som sitt eige gods. I periodar kunne desse provinsane fungere nesten som sjølvstendige land. Først i 1829 byrja ei sentralmakt å ta form, men då under den svært autoritære Juan Manuel de Rosas som styrte med hard hand frå Buenos Aires.

Politikk

endre
For meir om dette emnet, sjå Provinsar i Argentina.
 
Kongressen og Kongressplassen i Buenos Aires.

Den gjeldande grunnlova er frå 1853 (sist revidert i 1994) og stipulerer eit demokratisk, republikansk og føderalt styresett. I følgje denne grunnlova er dei ulike provinsane autonome, og har råderett over alle felt som ikkje grunnlova har delegert til den føderale regjeringa. Statsmakta er i prinsippet tredelt i ei utøvande, ei lovgjevande og ei dømande grein. Den utøvande statsmakta har stått svært sterkt, medan den dømande har vore under press frå dei andre to.

Det utøvande makta blir leidd av ein president og ein visepresident som er valde direkte av alle valføre. Ei valperiode er på fire år, og presidenten kan berre bli valt i ein påfølgjande periode. Grunnlova gjev presidenten stor makt gjennom både å både vere stats- og regjeringssjef. Presidenten utnemner også regjering. I tillegg til vetorett, kan presidenten også skrive ut lover (decretos). I 2007 vart Cristina Fernández den første kvinnelege valde presidenten i Argentina. Ho representerte partiet Sigersfronten (Frente para la Victoria)

Den lovgjevande makta er kjend som Kongressen (Congreso) og er bygd opp av to kammer: Representantane sitt kammer (Cámera de Diputados) og Senatet (Senado). I Representantane sitt kammer er medlemmane valt direkte og basert på eit proporsjonalt system. Dei er valt for fire år og kan bli gjenvalt for to år om gangen utan tidsrestriksjonar. Det sit for tida 257 medlemmer i dette kammeret med bl.a. 35 på benken for provinsen Buenos Aires. I Senatet er tre representantar frå kvar provins valt direkte, noko som utgjer totalt 72 medlemmar. Desse kan også få forlenga mandata sine utan avgrensing.

Den dømande makta er leidd av Høgsterett (Corte Suprema de Justicia) med fem dommarar utnemnde av presidenten etter godkjenning med eit to tredjedels fleirtal i Senatet.

Økonomi

endre

Den argentinske økonomien vert rekna som den tredje største i Latin-Amerika med eit bruttonasjonalprodukt på 262,3 milliardar US-dollar. Dette utgjer 6050 US-dollar per person. Tertiærnæringa gjev det største bidraget til BNP og utgjer 56 %, medan sekundærnæringa representerer 35,6 % og primærnæringa 8,4 %.

I 2007 eksporterte Argentina for 52,2 milliardar US-dollar og importerte samstundes for 43,7 milliardar US-dollar, noko som gav ein positiv handelsbalanse.[15] Arbeidsløysa ligg på om lag 8 %.[16]

Jordbruk og industri basert på jordbruksprodukt utgjer den viktigaste kjelda til argentinsk eksport. Dei to viktigaste eksportprodukta er sojaprodukt og matolje. Bilindustrien kjem på tredjeplass, etterfølgt av korn. Kjøtteksporten, som historisk har vore svært viktig for landet, kjem no på ein 12. plass, etter både olje/gass og industridelar.

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Albanese, Rubén (2009). «Información geográfica de la República Argentina» [Geographic information of the Argentine Republic] (på spansk). Buenos Aires: Instituto Geográfico Nacional. Arkivert frå originalen 31 October 2013. 
  2. Lynch, David K. «Land Below Sea Level». Geology – Geoscience News and Information. Arkivert frå originalen 27 March 2014. 
  3. McCloskey, Erin; Burford, Tim (2006). Argentina. Guilford, CT: Bradt Travel Guides. ISBN 978-1-84162-138-8. 
  4. «Informe científico que estudia el Aconcagua, el Coloso de América mide 6960,8 metros» [Scientific Report on Aconcagua, the Colossus of America measures 6960,8 m] (på spansk). Universidad Nacional de Cuyo. 2012. Arkivert frå originalen 8 September 2012. Henta 3 September 2012. 
  5. 5,0 5,1 «Argentina – Main Details». Montreal, Canada: Convention on Biological Diversity. 2013. Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. 
  6. «Biodiversity 2005. Cambridge, UK: UNEP–WCMC – World Conservation Monitoring Centre of the United Nations Environment Programme. 2005» (PDF). www.bipindicators.net. Arkivert frå originalen (PDF) 24. desember 2018. Henta 15. februar 2025. 
  7. Rhett A. Butler (26. desember 2023). «Total number of plant species by countrye» (på engelsk). World Rainforest. Henta 15. februar 2025. 
  8. «Animals & Wildlife» (på engelsk). Worldostats - Wold Data & Statistics. 2025. Henta 15. februar 2025. 
  9. Terms and Definitions FRA 2025 Forest Resources Assessment, Working Paper 194. Food and Agriculture Organization of the United Nations. 2023. 
  10. «Global Forest Resources Assessment 2020, Argentina». Food Agriculture Organization of the United Nations. 
  11. Grantham, H. S.; Duncan, A.; Evans, T. D.; Jones, K. R.; Beyer, H. L.; Schuster, R.; Walston, J.; Ray, J. C.; Robinson, J. G.; Callow, M.; Clements, T.; Costa, H. M.; DeGemmis, A.; Elsen, P. R.; Ervin, J.; Franco, P.; Goldman, E.; Goetz, S.; Hansen, A.; Hofsvang, E.; Jantz, P.; Jupiter, S.; Kang, A.; Langhammer, P.; Laurance, W. F.; Lieberman, S.; Linkie, M.; Malhi, Y.; Maxwell, S.; Mendez, M.; Mittermeier, R.; Murray, N. J.; Possingham, H.; Radachowsky, J.; Saatchi, S.; Samper, C.; Silverman, J.; Shapiro, A.; Strassburg, B.; Stevens, T.; Stokes, E.; Taylor, R.; Tear, T.; Tizard, R.; Venter, O.; Visconti, P.; Wang, S.; Watson, J. E. M. (8. desember 2020). «Anthropogenic modification of forests means only 40% of remaining forests have high ecosystem integrity». Nature Communications 11 (1): 5978. Bibcode:2020NatCo..11.5978G. PMC 7723057. PMID 33293507. doi:10.1038/s41467-020-19493-3. 
  12. 12,0 12,1 «Argentina». Country Pasture/Forage Resource Profiles. Food and Agriculture Organization. Arkivert frå originalen 25. mai 2015. Henta 15. februar 2025. 
  13. Fernandez, Osvaldo; Busso, Carlos. «Arid and semi–arid rangelands: two thirds of Argentina» (PDF). The Agricultural University of Iceland. Arkivert frå originalen (PDF) 24 September 2015. Henta 15. februar 2025. 
  14. «El Cambio Climatico en Argentina» (PDF) (på spansk). Secretaría de Ambiente y Desarrollo Sustentable. Arkivert frå originalen (PDF) 4 March 2016. Henta 15. februar 2025. 
  15. Verdsbanken 2007 http://devdata.worldbank.org/AAG/arg_aag.pdf Arkivert 2008-12-03 ved Wayback Machine.
  16. Den argentinske nasjonalbanken 2008 http://www.bcra.gov.ar/pdfs/indicadores/Radar.pdf

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Argentina