Bernhard Gruber (fødd 12. august 1982) er ein kombinertrennar frå Schwarzach im Pongau i Austerrike. Han vart individuell verdsmeister under Ski-VM 2015 i Falun, og vann OL-gull i lagtevlinga under Vinter-OL 2010 i Vancouver, og to lag-gull under Ski-VM 2011 i Oslo. Perioden 2009-19 sikra han seg elles to VM-sølv i individuelle tevlingar og eitt i ei lagtevling. Han sanka også seks bronsemedaljar, likt fordelt på vinterleikar og verdsmeisterskap, fem av desse i like lagtevlingar.

Bernhard Gruber

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 12. august 1982 (41 år)
Schwarzach im Pongau
Yrke kombinertløpar, langrennsløpar
Språk tysk
Høgd 185 centimeter
Bernhard Gruber på Commons

Kjelder endre