Falun er ein by i Falu kommun i Dalarnas län i Sverige. Han er administrasjonssenter for Falu kommune og residensby for Dalarnas län. Falun er den 26. største tettstaden i Sverige, med 36 447 innbyggarar (2005).[1] Fram til 1971 heitte han Falu stad. Byen er kjend for ei no nedlagd kopargruve og for årlege skirenn i verdcupen. I 1993 gjekk ski-VM i Falun.

Falun
Falun sett frå Radiohuset.
Falun sett frå Radiohuset.
Falun sett frå Radiohuset.
Byvåpenet til Falun
Styresmakter
Landskap
Len
Kommune
Dalarna
Dalarnas län
Falu kommun
Geografi
Flatevidd 26,40 km²
Innbyggjarar 36 447
Innbyggjarar
 - By (31. desember 2020)

39 492
Høgd over havet 110 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.falun.se

Geografi endre

 
Falu koppargruva og Stora Stöten

Faluån renn rett gjennom byen og deler den i to delar. På den eina sida ligg Falu koppargruva som gjennom fleire hundreår var den viktigaste næringsverksemda til byen. Denne sida av elva vert difor kalla den gruvliga sidan ('den fæle sida') på folkemunne, på grunn av at det ikkje voks så mykje på den forgifta marka. På den andre sida av elva ligg det fleire store og vakre gamle villaar og denne sida vert kalla den ljuvliga sidan ('den vene sida').

Tilknyttande vegar endre

Nærliggande stader endre

Aspeboda, Bengtsheden, Bjursås, Borlänge, Enviken, Grycksbo, Sundborn, Svärdsjö, Sågmyra, Vika

Vällan er ein liten sjø på tre kvadratkilometer som ligg sørvest for Falun.

Kjente personar frå Falun endre

Folketalsutvikling endre

Folketalsutviklinga i Falun 1960-2005[2]
År Innb. Areal
1960
  
20 564
1965
  
26 420
1970
  
28 788
1975
  
30 073
1980
  
32 374
1990
  
34 615 2549
1995
  
35 931 2615
2000
  
35 315 2617
2005
  
36 447 2640
Samanvoksen med Korsnäs i 1965 og med Korsgården i 1990

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Falun