Besed
Besed (russisk Беседь) eller Besedz belarusisk Беседзь) er ei elv i Russland og Belarus og ei av sideelvane til Sozj frå venstre i nedslagsfeltet til Dnepr. Besed er 261 km lang og har eit nedslagsfelt på 5600 km². Middelvassføringa hennar ved munningen er 27,8 m³/s.
Besed | |||
elv | |||
Besed i Svetilovitsj i Belarus
| |||
Land | Russland, Belarus | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 600 km² | ||
Lengd | 261 km | ||
Middelvassføring | 27,8 m³/s | ||
Kjelde | Smolensk oblast | ||
Munning | Sozj | ||
Besed 53°40′06″N 32°37′20″E / 53.668357°N 32.622163°E | |||
Wikimedia Commons: Besed |
Besed har kjelda si sør i Smolensk oblast og renn inn i Mogilev oblast i Belarus, gjennom landsbyen Khotimsk og byen Kostiukovitsji, før ho kryssar inn i den vestlege delen av Brjansk oblast i Russland. Frå landsbyen Krasnaja Gora og ned til munningen kan ho nyttast til skipsfart. Etter Brjansk oblast renn ho igjen inn i Belarus og munnar ut i Sozj 30 km før Gomel.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Беседь (река)» frå Wikipedia på russisk, den 20. oktober 2008.