Binding

(Omdirigert frå Bestemtheit)
Sjå og binding (fleirtyding)

Binding er ein grammatisk kategori som fortel kva status referenten til eit ord får når det blir brukt i ei setning. Kategorien har to alternativ, bunden og ubunden. I norsk er bunden form uttrykt med eit suffiks, mens ubunden er uttrykt ved at dette suffikset manglar (jf. skilnader som båt ~ båten, båtar ~ båtane, der den første forma i kvart par uttrykkjer ubunden, og den andre uttrykkjer bunden).

Termen "binding" endre

Binding blir ofte kalla bestemtheit, men i følgje Nynorskordboka er termen binding. I generativ grammatikk blir termen binding brukt om eit anna grammatisk fenomen, nemleg tilhøvet mellom refleksive pronomen og antesedentane deira. I setninga Per bad oss vaske seg er seg bunde av Per.

Kategorien binding (bestemtheit) endre

For å forstå bindingskategorien kan vi ta utgangspunkt i talesituasjonen ordet blir brukt i. Vi bruker bunden form når referenten til ordet allereie er ein del av talesituasjonen, men ubunden når referenten ikkje er det. Eit eventyr kan til dømes starte slik: Det var ein gong ein mann og ei kone. Mannen sat heime og … . Første setning introduserer to referentar, og vi bruker ubunden form. Når vi kjem til den andre setninga, er referenten allereie introdusert, så her må vi bruke bunden form for å vise at det er den same mannen vi snakkar om. Bruker vi ubunden, er det rett og slett ikkje same mannen: Det var ein gong ein mann og ei kone. ?Ein mann sat heime og ... . Ofte står eit substantiv i bunden form når det viser tilbake til ein del av ein annan referent (jf. Det var ein fin bil. Særleg dashbordet / *eit dashbord var stilig).

Viss nokon seier eg tenkjer på ei bestemt jente, har substantivet jente ubunden form. Talaren har rett nok ei bestemt jente i tankane, men når han eller ho bruker ubunden form, er det for å vise at tilhøyraren ikkje veit kven det er.

I setninga Myggen bit skikkeleg i år har vi med eit anna fenomen å gjere, nemleg generisk mygg, der bunden form viser til mygg generelt.

Litteratur endre

  • Patrik Bye, Trond Trosterud og Øystein Vangsnes 2003: Språk og språkvitenskap. Ei innføring i lingvistikk. Oslo: Det norske samlaget.