Substantiv eller namnord viser til ord frå ein av dei tre mest sentrale ordklassene (dei to andre er verb og adjektiv). Prototypiske substantiv refererer til ting, men orda kan òg visa til vesen, kjensler og eigenskapar.

I norsk definerer ein substantiv som den ordklassa som har leksikalsk genus, det vil seie den ein kan setje enten ein, ei eller eit føre. I andre språk har substantiva andre karakteristikkar, i samisk er til dømes substantiva den ordklassa som kan få possessivsuffiks.

Substantiva er skifte i særnamn/eigennamn og samnamn (kalla egennavn og fellesnavnbokmål). Særnamn viser gjerne til éin enkelt ting (eller omgrep), og blir skrivne med stor bokstav — dei blir ofte berre kalla namn. Samnamn viser til generelle ting og fellesgrupper, og blir som regel skrivne med liten bokstav.

Kjelder endre

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.