Bestikknavigasjon

Bestikkrekning er ein klassisk metode innan sjøfart og luftfart som kan nyttast for å estimera posisjonen til eit fartøy. Om ein veit kor langt og i kva for ei retning ein har flytta seg frå ein kjend posisjon kan ein berekna sin noverande posisjon. Dei klassiske hjelpemidla er ein logg (fartsmålar), klokke og magnetisk kompass. Disse er alle brydd med unøyaktigheit. Loggen mæler farten gjennom vatnet, men har ingen indikasjon for havstraum, dei tidlege klokkene var unøyaktige i sjøgang og magnetkompasset kan påverkast av misvisning, deviasjon og tilfeldig endring i deviasjon grunna magnetisk last. Ein hadde heller ingen avlesning for avdrift grunna vind. Med tabellar kunne ein korrigera noko for feila, men etter som tida gjekk frå sist sikre posisjon som vart oppnådd ved astronomisk navigasjon, ville avviket frå berekna posisjon og til verkeleg posisjon kunne verta betydeleg.

Navigatøren observerer sin posisjon klokka 0900 og med viten om kurs og fart kan navigatøren då plotta sin antekne posisjon klokka 0930 og klokka 1000

Ved tilgjenge på rimeleg og svært presis satellittnavigasjon som det amerikanske GPS, er tradisjonell bestikkrekning ikkje lenger brukt av profesjonelle navigatørar. Likevel er det vanleg at jordomseglarar lærer seg stjernenavigasjon og har dei naudsynte tabellane ombord som ei reserveløysing dersom dei elektroniske instrumenta fell ut.

Ein moderne versjon av bestikkrekning finn ein i system basert på tråleiknavigasjon. Med betre sensorar og datamaskiner har ein her eit automatisk bestikksystem som kan brukast med større grannsemd og over lengre tid. Tråleiknavigasjon vert difor nytta som reserve både til sjøss og av fly, særleg i polare strøk. I militær samanheng er tråleiknavigasjon av interesse då eit slikt system ikkje kan forstyrrast av fienden og ein sender ikkje noko navigasjonssignal som fienden kan oppfatta.

Kjelder endre

  • Ditlefsen, Reidar Navigasjon, Terrestrisk og astronomisk navigasjon, Aschehoug (1990), ISBN 82-03-12764-9