Beth Tweddle
Beth Tweddle, fullt namn Elizabeth Kimberly Tweddle, (fødd 1. april 1985) er ein britisk tidlegare turnar som vann tre gullmedaljar i tre ulike verdsmeisterskap og seks gullmedaljar i fire ulike europameisterskap. Under Sommar-OL 2012 i London fekk ho bronsemedaljen i spesialøvinga skranke. Ho høyrde til verdseliten i særleg skranke frå 2002 til ho la opp i 2012, men òg i frittståande sanka ho internasjonale medaljar.
Beth Tweddle | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 1. april 1985 (39 år) Johannesburg |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Turn under Sommer-OL 2012 – Skranke kvinner, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beth Tweddle» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2024.
- «Beth Tweddle» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 19. april 2024.