Betsy Cook er ein amerikansk songar, låtskrivar og musikar. Sidan seint i 1970-åra har ho hovudsakleg arbeidd i Storbritannia og samarbeidd med forskjellige britiske artistar som Gerry Rafferty, Ray Jackson, Lindisfarne, George Michael, Paul Young, Seal og Marc Almond. Ho vart seinare assosiert med den kjende produsenten Trevor Horn og arbeidde på fleire av prosjekta hans seint i 1980-åra og tidleg i 1990-åra, før ho gav ut sitt eige album, The Girl Who Ate Herself, i 1992. Som låtskrivar vart Cook nominert til Grammyprisen i 1988 for «Telling Me Lies».

Betsy Cook
OpphavMayfield i Kentucky i USA[1]
Aktiv1979 –
SjangerPop, rock, folkrock
InstrumentKlaverinstrument, piano, vokal, trekkspel, fløyte, saksofon
Tilknytte artistarGerry Rafferty, Linda Thompson, Paul Young, George Michael, Marc Almond, Seal
PlateselskapEastWest (Warner Music)
Verka somLåstkrivar, vokalist, musikar

Kjelder

endre
  1. Denselow, Robert (31 August 2007). «Linda Thompson, Versatile Heart (review)». The Guardian (London).