Folkrock

blandingssjanger av folkemusikk og rock

Folkrock er ein musikksjanger som oppstod på slutten av 1960-åra i møtet mellom folkemusikk, nyare visesong og rock. Sjangeren dukka opp i USA og Canada på midten av 1960-talet og var kjenneteikna ved tette vokalharmoniar og ein relativt «rein» instrumentering, det vil seie med få effektar og forvrenging. Repertoaret var ofte basert på songar frå folkemusikk, men òg frå folkemusikkinspirerte visesongarar som Bob Dylan. I USA vert Bob Dylan, Simon & Garfunkel og The Byrds rekna som føregangarar til sjangeren. Eit seinare døme er Natalie Merchant. Roger McGuinn frå The Byrds har sagt at Beatles inspirerte han til å blande visesong med rockemusikk.

Den amerikanske folkrocken førte raskt til den forskjellige elektriske folkemusikken (òg kjend som britisk folkrock) seint i 1960-åra med grupper som Pentangle og Fairport Convention. Med utgangspunkt i nordamerikansk folkrock innførte Pentangle, Fairport og andre liknande band i Storbritannia element frå tradisjonell britisk folkemusikk. Samstundes byrja Alan Stivell i Bretagne å blande bretonske røter med irske og skotske røter og rockemusikk. Like etter starta bassisten i Fairport Convention, Ashley Hutchings bandet Steeleye Span i lag med tradisjonelle britiske folkemusikarar.

Dette førte vidare til fleire andre variantar som den sjølvbevisste engelske folkrocken til Albion Band og noko av soloarbeidet til Ronnie Lane eller sjangeren keltisk rock som blanda inn tradisjonell musikk frå Irland, Skottland, Cornwall og Bretagne. Gjennom den første halvdelen av 1970-åra heldt keltisk rock seg nær folkemusikkrøtene sine og repertoaret bestod stort sett av tradisjonelle keltiske songar med fele, harpe og tradisjonelle vokalharmoniar. Musikken vart derimot framført med same lydnivå og perkusjon som rockeband nytta.

Meir generelt vert folkrock nytta om musikksjangarar inspirert av folkemusikk blanda med rock. Som med alle musikksjangrar er det vanskeleg å definere grensene. Folkrock kan nytte instrumentering som tradisjonelt vert nytta i folkemusikk eller instrumentering til rock, spelestilen og vokalstilen kan variere og valet av songar. Sjølv om den opphavlege sjangeren baserte seg på musikk frå Europa og Nord-Amerika er det ingen klåre avgrensingar på kva folkekulturar som musikken er påverka av. Likevel vert vanlegvis ikkje uttrykket nytta om rockerøter frå bluesbasert eller anna afrikansk-amerikansk musikk, og heller ikkje om rock med røter frå cajun eller musikk (særleg etter om lag 1980) med ikkje-europeisk folkerøter, som heller vert klassifisert som verdsmusikk.

Røter endre

 
Woody Guthrie medverka mellom anna i Almanac Singers, som var ei av dei første urbane folkevokalgruppene i USA.

Folkrock oppstod hovudsakleg som ei blanding av tre element: Urbane folkevokalgrupper, visesongarar og oppgangstida til nordamerikansk rock and roll etter den britiske invasjonen. Av dei to førstnemnde var Woody Guthrie, Pete Seeger og Popular Front-kulturen frå 1930-åra direkte inspirasjonskjelder.

Den første av dei urbane folkevokalgruppene var Almanac Singers, der mellom anna Guthrie, Seeger og Lee Hays i periodar var medlem på 1930- og 1940-talet. I 1947 slo Seeger og Hays seg saman med Ronnie Gilbert og Fred Hellerman for å danne the Weavers, som populariserte sjangeren og hadde ein stor hit med ei glattare utgåve av Leadbelly-songen «Goodnight, Irene», men kom i konflikt med Mccarthyismen tidleg i 1950-åra. Lydbilete deira og dei mange tradisjonelle folkesongane dei song inspirerte andre grupper som the Kingston Trio (grunnlagd 1957), Chad Mitchell Trio, New Christy Minstrels, og (vanlegvis mindre politiske) universitetsgrupper som The Brothers Four, The Four Freshmen, The Four Preps og The Highwaymen. Alle nytta tette vokalharmoniar og eit repertoire med røter i folkemusikk og (i nokre tilfelle) høvesongar. Etterkomarane etter denne typen grupper var grupper som We Five og The Mamas & the Papas (1965-1968).

Då uttrykket visesongar (singer-songwriter) dukka opp på midten av 1960-åra vart det nytta tilbakeverkande om Bob Dylan, Fred Neil og andre (hovudsakleg New York-baserte) musikarar med røter i folkemusikk. Paul Simon, australske Bruce Woodley frå The Seekers, og den skotske visesongaren Donovan kjem òg inn under denne sjangeren.

Denne musikken ville truleg ikkje ha vorte blanda inn i rock hadde det ikkje vore for den britiske invasjonen. The Beatles, the Rolling Stones og mange andre britiske band gjenintroduserte rock and roll som eit kreativt medium i Amerika.

Ei av dei første gruppene som svarte med eit utprega amerikansk lydbilete var the Beach Boys. Sjølv om dei ikkje var eit folkrockband, påverka dei likevel sjangeren og på høgda av folkrockoppgangen i 1966 hadde dei ein hit med ei utgåve av den vestindiske folkesongen «Sloop John B» frå 1920-åra, som dei hadde lært frå The Kingston Trio, som igjen hadde lært han av the Weavers.

Det er likevel eit par teikn til folkrock i amerikansk rock før den britiske invasjonen, som «Fatback and Beans» av Link Wray med indianartrommer og nokre av dei siste innspelingane til Buddy Holly, som var sterkt påverka av artistar som Dylan og the Byrds, og til ei viss grad country-påverka artistar som The Everly Brothers. Dette vart ikkje oppdaga på tida då dei kom ut.

Countryfolk endre

Seinare vart det blanda inn element frå country inn i folkrock, med element frå Hank Williams og andre. Dette førte til stor suksess for artistar som John Denver og Judy Collins.

Elektrisk folk endre

For meir om dette emnet, sjå Elektrisk folk.
 
Alan Stivell var ein pioner innan bretonsk folkrock

Den britiske folkrocken (ofte kalla elektrisk folk) vart grunnlagd av band som Fairport Convention, som oppstod i Nord-London seint i 1960-åra, og The Pentangle som òg var påverka av klassisk musikk og jazz og som ikkje nytta elektriske instrument i det heile på fleire album. Steeleye Span var òg framtredande tidleg i utviklinga av denne sjangeren og vart grunnlagd av folkemusikarar som ønskte å nytte elektriske instrument og eksperimentere med songstrukturar. Nick Drake sin musikk har hatt stor innverknad på moderne folkrock. Fleire temporære grupper, som duoen Bert og John, medverka òg til utviklinga av sjangeren.

I Bretagne i Frankrike oppstod ei liknande blanding av folkemusikk og rock i musikken til Alan Stivell (1970-åra og seinare) og Malicorne, som vart grunnlagd av ein av musikarane til Stivell.

Britisk folkrock var òg påverka av eksperimentell musikk, som til dømes The Incredible String Band, og denne retninga medverka etter kvart til utviklinga av progressiv rock.

Norsk folkrock endre

 
Gunnhild Sundli frå Gåte

I Noreg var det først og fremst Folque som førte sjangeren til landet på 1970-talet. Dei var inspirert av britisk folkrock, men nytta òg norske folketonar i musikken sin. Øystein Sunde var òg tidleg ute, som med Fenderslåtten i 1970. Saft spelte mellom anna i lag med Sigbjørn Bernhoft Osa på midten av 1970-talet. På 1980-talet fekk dei selskap av Ym:stammen. I nyare tid har Kari Rueslåtten og Gåte teke opp arva. Nyare norsk folkrock har henta mykje inspirasjon frå andre skandinaviske folkrockgrupper, slik som dei svenske Garmarna og Triakel og kanskje særleg dei finske-svenske Hedningarna.

Elles i Europa endre

I Ungarn byrja blandinga av rock og folkemusikk i 1965 då bandet Illés introduserte ungarsk folkemusikk i musikken sin. I Romania vart Transsylvania Phoenix grunnlagd i 1962 og dei innførte folkemusikk i rockemusikken sin i 1972 i eit forsøk på å kome unna regjeringa si undertrykking av rockemusikken. Forsøket var mislukka og bandet enda opp i eksil under det meste av Ceauşescu-perioden.

Andre blandingar folkemusikk og rock er mellom anna New Flamenco (Spania), The Pogues frå England, og Horslips frå Irland. Dropkick Murphys spelar ei blanding av tradisjonell irsk musikk og punkrock.

I Sovjetunionen kombinerte band som Jalla frå Usbekistan rock med tradisjonell usbekistansk musikk, medan Akvarium òg til dels blanda tradisjonell russisk musikk med rock.

Kanadisk folkrock endre

Kanadisk folkrock er ofte assosiert med keltisk folkemusikk. Band som Figgy Duff, Wonderful Grand Band og Spirit of the West var tidlege pionerar innan kanadisk, keltiskpåverka, rock og seinare følgde artistar som Crash Test Dummies, Great Big Sea, The Mahones, The Dukhs, Jimmy George, Rawlins Cross, Captain Tractor, Mudmen og Celtae.

Andre kanadiske folkrockartistar er mellom anna The Band, The Weakerthans, The Grapes of Wrath, Lava Hay, The Waltons, Kashtin, Great Lake Swimmers og Beau Dommage, i tillegg til visesongarar som Neil Young, Joni Mitchell, Leonard Cohen, Gordon Lightfoot, Bruce Cockburn, David Wiffen og Stan Rogers.

Akustisk rock endre

Akustisk rock er rock spelt på akustiske instrument, som akustisk gitar, trommer og vokal. Akustisk rock vert stundom nytta om akustiske utgåver av songar som opphavleg har hatt eit arrangement med elektriske instrument og får slik ofte ein meir jordnær, enkel og personleg tolking. Akustisk rock og folkrock vert ofte nytta om ein annan og har mange likskapar og vert ofte nytta om visesongarar frå 1960- og 1970-åra og visse former for folkrock og pop.

Akustisk rock hadde ein populær periode i 1990-åra då fleire artistar spelte akustiske utgåver av songane sine i programserien MTV Unplugged og mange av desse konsertane vart gjeve ut på plate i etterkant. Av artistar som deltok i denne programserien finn ein Nirvana, Pearl Jam, Stone Temple Pilots og Neil Young.

Enkelte musikarar og grupper innan folkrock endre

Kjelder endre