Betty Williams (22. mai 194317. mars 2020) var ein nord-irsk fredsforkjempar som fekk Nobels fredspris i 1977 for 1976 saman med Mairead Corrigan. Før dei hadde berre tre kvinner vunne prisen sidan utdelinga starta i 1901.

Betty Williams

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 22. mai 1943
Belfast
Død

17. mars 2020 (76 år)
Belfast

Yrke fredsaktivist
Språk engelsk
Medlem av Nobel Women's Initiative
Religion katolisisme
Ektefelle Ralph Williams, James Perkins
Betty Williams på Commons

Community of Peace People endre

I august 1976 vart Betty Williams vitne til at tre små sysken vart påkøyrde av ein bil og drepne i Belfast. Sjåføren var ein tidlegare straffedømt mann tilknytt Det provisoriske IRA som hadde vorte lauslaten i april. Han miste kontrollen over bilen av di han vart skoten og drepen av britiske troppar. To av borna, ein åtteåring og eit spedbarn, døydde momentant, medan det tredje, ein toåring, døydde av skadane dagen etter.

Betty Williams tok no til å samla inn underskrifter for fred i Nord-Irland og fekk raskt med seg tanta til dei tre borna, Mairead Corrigan. Saman med Ciaran McKeown starta dei det dei kalla Den nordirske fredsrørsla, seinare kjent som Community of Peace People. Rørsla greidde raskt å samla i hop over 10 000 protestantiske og katolske kvinner for å marsjera til gravene til dei drepne borna. Dette opptoget møtte fysiske åtak frå Det provisoriske IRA. Trass i dette samla Community of Peace People 35 000 tusen kvinner som gjekk i fredstog i Belfast i slutten av august.

Same året vart Corrigan og Williams tildelt pengepremien «Folkets fredspris» frå norske aviser og organisasjonar.[1][2] Året etter vart dei tildelt nobelprisen.

I vaksen alder har Betty Williams lenge vore busett i USA, men vendte tilbake til Nord-Irland i 2004.

Utmerkingar endre

  • Folkets fredspris (1976)
  • Nobels fredspris (1977)
  • Schweitzer Medallion for Courage
  • Martin Luther King, Jr. Award
  • Eleanor Roosevelt Award (1984)
  • Frank Foundation Child Care International Oliver Award
  • Rotary Club International "Paul Harris Fellowship: and the Together for Peace Building Award (1995)

Kjelder endre

Fotnotar endre