Opna hovudmenyen

Belfast

irsk Béal Feirste
Belfast - geograph.org.uk - 119785.jpg
Byvåpenet til Belfast
Byvåpenet til Belfast


Plassering
Belfast is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Ulster Banner.svg Nord-Irland
Region County Antrim
County Down]]
Geografi
Flatevidd
 - By

115 km²
Koordinatar 54°35′49″N 5°55′48″WKoordinatar: 54°35′49″N 5°55′48″W
Diverse annan informasjon
Postnummer BT
Telefon-retningsnummer 028
Nettstad: www.belfastcity.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belfast

Belfast er den største byen og hovudstaden i Nord-Irland, eit konstituert land i Storbritannia. Frå 1973 har byen vore eit administrativt distrikt, som òg omfattar området rundt.

Innhaldsliste

NamnEndra

Namnet Belfast kjem frå irsk Béal Feirsde (seinare stava Feirste), 'munningen ved sandbanken' eller 'vadestaden'. Namnet til elva Farset, som tidlegare prega byen, er også knytt til denne sandbanken.

GeografiEndra

Belfast ligg ved munningen av elva Lagan, ved Belfast Lough. Lagan skil bydelen Aust-Belfast frå bydelane Nord-Belfast, Vest-Belfast og Sør-Belfast. Byen er omgjeven av fjell og høgdedrag, mellom anna Black Mountain, Cavehill og Castlereagh Hills.

Sentrum av byen har fyrst på 2000-talet vorte opprusta kraftig, spesielt området ved elva. I store område er det ikkje lov med bilkøyring. Dei viktigaste bygga er frå viktoriansk og edvardiansk tid. Av desse kan nemnast Queen's University (1849), rådhuset (1903) og Ulster Bank (1860).

Byen har den største tørrdokken i verda, ved Harland and Wolff skipsverft. Dei to enorme kranane Samson og Goliath er kjende landemerke. Verftet er spesielt kjend for å ha konstruert skipet RMS «Titanic».

Byen har to flyplassar: Belfast City Airport ved Belfast Lough, og Belfast International Airport ved Lough Neagh.

Dagsavisene Belfast Telegraph, The News Letter og Irish News kjem ut i Belfast, og byen har fleire fådagsutgjevne bydelsaviser - som Andersonstown News (Vest-Belfast), North Belfast News og South Belfast News. I tillegg har BBC Northern Ireland og Ulster Television hovudkontor i byen.

HistorieEndra

Byen har lenge vore delt i katolske og protestantiske område. Etter at The Troubles starta i slutten av 1960-åra vart det oppretta sperringar (peace lines) mellom bydelar som huste dei ulike gruppene. Etter at Det provisoriske IRA annonserte våpenkvile i 1997 har byen vore relativt fredeleg, men sperringane er ikkje tekne ned.

 
Regnboke og republikanske veggmåleri i Nord-Belfast.
Foto: Gerry Lynch, 2005

Den nordlege delen av byen er kjend for sine politiske veggmåleri. I det protestantiske området kring Shankill Road finn ein måleri som uttrykkjer lojalitet til Storbritannia. I katolske område som Falls Road og Ardoyne er republikanske ideal som vert framstilt.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Belfast