Bhamdoun
Bhamdoun (arabisk بحمدون) er ein by i Libanon 23 km frå Beirut på hovudvegen til Damaskus og i forstadane til turistbyen Aley, 1100 meter over havet oppom Lamartinedalen. To fråskildre landsbyar utgjer byen, Bhamdoun-el-mhatta (tyder bokstavleg «Bhamdoun stasjonen») og Bhamdoun-el-day'aa («Bhmadoun landsbyen»). Ein jernbane brukte å knyte Bhamdoun og Beirut saman og togstasjonen var ein viktig del av byen i mange år. Stasjonen og jernbanen vart etter kvart nedlagt då bilane tok over. Folkesetnaden er hovudsakleg ortodokse kristne.
Bhamdoun | |||
بحمدون | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Aley distrikt | ||
Koordinatar | 33°48′35″N 35°39′19″E / 33.80972°N 35.65528°E | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Bhamdoun 33°48′35″N 35°39′19″E / 33.809722222222°N 35.655277777778°E | |||
Kart som viser Bhamdoun.
| |||
Wikimedia Commons: Bhamdoun |
Før den libanesiske borgarkrigen var Bhamdoun ein av dei mest populære feriestadane om sommaren. I dag er turistindustrien igjen på veg opp i byen med fleire hotell og restaurantar. Turistar, særleg frå landa kring Persiabukta som ein gong vitja Bhamdoun, kjem attende her i sommarferiane sine. Mange har ògg kjøpt feriehus her.
Han har fem kyrkjer, to moskéar og ei synagoge frå 1910.[1] Synagoga var ein av dei tre store synagogene i Libanon, men vart lagt ned kort tid før borgarkrigen.
I 2000 byrja vingarden Chateau Belle-Vue å dyrke vindruer, noko som skapte nokre få jobbar i landsbyen. Vinproduksjonen starta i 2003. Vinen «Renaissance 2003» frå her vann ein internasjonal vinpros i 2005 og er i dag tilgjengeleg i restaurantar og hotell på tre kontinent.[2].
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bhamdoun» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Parfitt, Tudor, Israel and Ishmael: Studies in Muslim-Jewish relations, Page 89, St. Martin's Press 2000
- ↑ http://www.chateaubelle-vue.com