Bharati (devanagari भारती) er ein stasjon i Antarktis driven av India. Det er den tredje forskingsstasjonen til India i Antarktis og er ein av to aktive stasjonar i dag, i tillegg til Maitri-stasjonen. Den førte forskingsstasjonen til India, Dakshin Gangotri, er i dag nytta som forsyningsbase. Stasjonen ligg i Larsemannfjella ved 69°S, 76°E. Stasjonen stod ferdig i 2012.[1][2] Forskinga til Bharati-stasjonen fokuserer på oseanografi og geologi. Det vil òg vere forsking på å forstå den geologiske historia til det indiske subkontinentet.

Bharati
stasjon
Land  Antarktis
Stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 69°24′28″S 76°11′14″E / 69.40778°S 76.18722°E / -69.40778; 76.18722
Grunnlagd 2012
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Bharathi-basen
69°24′24″S 76°11′43″E / 69.4068°S 76.19525°E / -69.4068; 76.19525
Bharathi-basen is located in Antarktis
Bharathi-basen (Antarktis)

Rådata frå Bharati vert sendt via ein høgsnøggleikssatellit til NRSC (National Remote Sensing Centre) i Hyderabad for bilethandsaming.

Kjelder

endre
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. mars 2012, henta 16. mars 2014 
  2. [1]