Bianchini på månen

Bianchini er eit ringfjellmånen som ligg ved sidan av dei nordlege Jurafjella som ligg kring Sinus Iridum, nordvest på månen. Nedslaget som skapte dette krateret nær kanten av Jurafjella kasta noko materiale ut på sletta i Sinus Iridum.

Bianchini

Bilete frå Lunar Orbiter 4
Koordinatar48°42′N 34°18′W / 48.7°N 34.3°W / 48.7; -34.3
Diameter38 km
Djupne3.1 km
Colengdegrad34° ved soloppgang
EponymFrancesco Bianchini

Krateret er kalla opp etter den italienske astronomen Francesco Bianchini (1662–1729).

Kanten av krateret er ikkje særleg slite ned, men det er eit lite krater langs innsida av austkanten. Innafor den indre veggen er det noko ujamnt dekke og ei lita gruppe med ryggar langs midtpunktet. Delar av den indre veggen har falle ned mot botnen langs nordkanten.

Satellittkrater endre

Det er vanleg å identifisere desse på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som ligg nærmast Bianchini.

Bianchini Breiddegrad Lengdegrad Diameter
D 47.6° N 35.8° W 7 km
G 46.7° N 32.7° W 4 km
H 48.0° N 32.7° W 7 km
M 48.4° N 30.6° W 4 km
N 48.5° N 31.0° W 5 km
W 48.5° N 33.7° W 9 km

Kjelder endre

Bibliografi