Bidun (arabisk بِدون) er i den arabiske verda ei nemning for personar utan statsborgarskap. Namnet kjem frå arabisk bidūn jinsiyya (بدون جنسي), som tyder 'utan nasjonalitet'.[1] Nemninga blir særleg brukt i Kuwait, som har eit stort tal bidun-innbyggjarar,[2] og i Bahrain. Sjølv om dei fleste bidun-folk også er beduinar, har dei to orda altså ikkje same tyding.[3][4] Ein kan også ha bidun-status om ein er innvandrar eller har innvandrarfar, eller ein kan bli fråteken statsborgarskapet av styresmaktene som straff for opposisjonell verksemd.[5]

I Kuwait endre

Bidun-innbyggjarane i golfstaten tel rundt 100 000 personar.[6] Dei er verken rekna som kuwaitarar eller utlendingar.[6] Dei fleste er fødde i Kuwait eller har vore busette der i lang tid.[6] Dei stammar anten frå folk som ikkje blei registrerte som statsborgarar då landet fekk sjølvstende, eller av seinare innvandrarar.[7] Dei har ingen politiske rettar og har heller ikkje tilgang til graits utdanning eller helsetenester slik kuwaitiske statsborgarar har.[6] For å kjøpa eigedom, få arbeid eller reisa utanlands må dei bli sponsa av ein kuwaitisk statsborgar.[6]

Kjelder endre

  1. Fuchs, Martina (19. februar 2011) "Kuwait police clash with hundreds of protesters" Arkivert 2011-02-22 ved Wayback Machine., Reuters, archived by WebCite
  2. Staff (3 March 2011) "March 8 Parliament session to discuss vital decisions" Arkivert 2011-08-11 ved Wayback Machine.Al-Watan Daily Newspaper; archived by WebCite
  3. Hamad, Aziz A. (1991) A Victory turned sour: human rights in Kuwait since liberation Middle East Watch, Human Rights Watch, New York, page 51, ISBN 1-56432-041-3
  4. Henckaerts, Jean-Marie (1995) Mass expulsion in modern international law and practice Martinus Nijhoff Publishers, Dordrecht, Netherlands, page 97, ISBN 90-411-0072-5
  5. «The new unpeople». The Economist. ISSN 0013-0613. Henta 12. februar 2020. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Frank Weil-Rabaud (2006). «L'émirat aux urnes». RFI. Henta 8. april 2011. 
  7. «The new unpeople». The Economist. ISSN 0013-0613. Henta 12. februar 2020.