Big Ten Inch Record
Big Ten Inch Record Singel av Bull Moose Jackson | ||
B-side |
I Needed You | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1952 | |
Sjanger | Rhythm and blues, dirty blues | |
Selskap | King | |
Komponist | Fred Weismantel | |
Tekstforfattar | Fred Weismantel | |
Låtskrivar(ar) | Fred Weismantel |
«Big Ten Inch Record», òg kjend som «Big Ten-Inch (Record of the Blues)»,[1] er ein rhythm and blues-song skriven av Fred Weismantel. Han vart først spelt inn i 1952 av Bull Moose Jackson og gitt ut av King Records. Songen vart seinare spelt inn av Aerosmith og gitt ut som ein del av albumet Toys in the Attic frå 1975. Han har vorte vurdert som ein av dei beste dobbelttydige songane gjennom tidene.[2]
Versjonar
endreBull Moose Jackson
endreOriginalversjonen av songen vart framført av Bull Moose Jackson. Han vart gitt ut i 1952 på King Records som plate 4580.[3][4] Jackson vart akkompagnert på innspelinga av Tiny Bradshaw's Orchestra.[5] Songen vart ingen hit, truleg fordi han var «for antydande» og «radiostasjonane ville ikkje spela han».[6][1]
Jackson slutta å opptre i 1960-åra og jobba som matserveringsarbeidar i Washington, D.C.. På 1980-talet vart populariteten hans gjenoppliva etter at eit band i Pennsylvania, The Flashcats, byrja å spela «Big Ten Inch Record» på konsertane sine og inviterte Jackson til å opptre med dei.[1][7]
Jackson sin versjon av songen har vorte nyutgjeve på fleire samleplater, inkludert Badman Jackson That's Me (1991),[8] Ride, Daddy, Ride and Other Songs of Love (1991),[9] Risque Blues: The King Anthology (2002),[10] The Very Best of Bull Moose Jackson: Big Ten-Inch Record (2004),[11] og The Bull Moose Jackson Collection 1945–55 (2013).[12]
Aerosmith
endreRockebandet Aerosmith spelte inn songen på albumet Toys in the Attic frå 1975.[13] Innspelinga var den andre coversongen til Aerosmith av rhythm and blues-låtar frå tidlege i 1950-åra, etter å ha covra «Train Kept A-rollin'» på albumet Get Your Wings frå 1974.[14]
Songen fekk blanda meldingar. Ein kritikar spådde at han ville vera «den einaste Aerosmith-songen gamle historikarar og seriøse tenåringar vil spela om 100 år frå no av.»[15] På den andre sida kalla Mark Simmons i The Austin American-Statesman det «låg humor» og meinte at «dobbelttydninga 'Big Ten Inch' blir fortent slapp.»[16] <Sjølv o han ikkje var med på ''Aerosmith's Greatest Hits'' i 1980,<ref name=AGH/> har songen sidan vorte nyutgjeve på fleire Aerosmith-samlingar, inkludert Pandora's Box (1991),[17] Aerosmith's Greatest Hits 1973-1988 (2001),[18] O, Yeah! Ultimate Aerosmith Hits (2002),[19] og The Essential Aerosmith (2011).[20]
Andre versjonar
endreI tillegg til Aerosmith har songen òg vorte covra av andre artistar, mellom anna Sugar Blue og Marshall Crenshaw,[21] Al Copley,[22] Blerta, The Roadrunners,[23] Dana Gillespie[24] og Candye Kane.[25]
Tekst og dobbeltyding
endrePå overflata skildrar songen reaksjonen til kjærasten til songaren når han speler den siste ti-tommars plata si. Men ved gjentatt bruk av ein kunstpause før ordet «Record», indikerer songen at kvinna ikkje er begeistra av plata, men av den ti tommar store penisen til songaren. Følgjande tekstlinjer er døme på dette:
Got me the strangest woman
Believe it, this chick's no cinch
But I really get her goin'
When I take out my Big Ten Inch
Record of the band that plays the blues[26]
I «The History of Rock & Roll» kalla Ed Ward songen «eit meisterverk av dobbelttying og timing. »[27] Sjølv om songteksten er skriven i form av ein «utvida seksuell metafor», har han vorte sitert som ein del av ein trend mot meir «open seksualitet» i rhythm and blues-musikken tidleg på 1950-talet.[28]
I 2014 rangerte Salon Aerosmith sin «Big Ten Inch Record» som ein av dei 19 beste dobbelttydige songane gjennom tidene.[29]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Big Ten Inch Record» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Mike Greenblatt (22. januar 2015). «Tyler covered 'Big Ten-Inch' Record, but Bull Moose Jackson did it first».
- ↑ Noah Berlatsky (28. juni 2014). «De 19 beste dobbelttydige sangene: Fra «It Ain't the Meat» til «Let Me Play with Your Poodle», de sleipeste sexsangene i musikkhistorien». Salon. salon.com.
- ↑ Mike Leadbitter, Neil Slaven (1987). Blues Records, 1943-1970: A Selective Discography. Record Information Services. s. 655.
- ↑ Michael Ruppli, William R. Daniels (1985). The King Labels: A Discography - Volume 1. Greenwood Press. s. 254. ISBN 9780313251450.
- ↑ American Popular Music: New Approaches to the Twentieth Century. University of Massachusetts Press. 2001. s. 130. ISBN 9781558492677.
- ↑ Vladimir Bogdanov, Chris Woodstra, Stephen Thomas Erlewine (2003). All Music Guide to Blues: The Definitive Guide to the Blues. Backbeat Books. s. 271. ISBN 0879307366.
- ↑ Jim White (9. juli 1985). «Flashcats, 'Bull Moose' resurrect R&B oldies». The Pittsburgh Press. s. C5 – via Newspapers.com.
- ↑ «Badman Jackson That's Me». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Ride, Daddy, Ride and Other Songs of Love». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Risque Blues: The King Anthology». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «The Very Best of Bull Moose Jackson». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «The Bull Moose Jackson Collection 1945–55». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Toys in the Attic». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ Jack Kegg (20. september 1975). «Jack's Music». The Cumberland News. s. 7.
- ↑ Cameron Cohick (21. november 1970). «Review of Aerosmith's Greatest Hits». Fort Lauderdale News and Sun-Sentinel. s. 22S – via Newspapers.com.
- ↑ Mark Simmons (31. august 1975). «Innocence wears off edge of Aerosmith's sounds». The Austin American-Statesman. s. 4, 5 – via Newspapers.com.
- ↑ «Pandora's Box». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Aerosmith's Greatest Hits 1973-1988». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «O, Yeah! Ultimate Aerosmith Hits». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «The Essential Aerosmith». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Sweet Emotion: The Songs of Aerosmith». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Automatic Overdrive». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Nightcrawlin'». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Blue Jobh». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Burlesque Swing». Allmusic. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Big Ten-Inch Record, Bull Moose Jackson». Genius.com. Henta 9. mai 2023.
- ↑ Ed Ward (2016). The History of Rock & Roll, volume one 1920-1963. Flatiron Books. s. 80. ISBN 9781250071163.
- ↑ Jonathan Kamin (1975). «Parallels in the Social Reactions to Jazz and Rock». The Black Perspective in Music 3: 281. JSTOR 1214013. doi:10.2307/1214013.
- ↑ Noah Berlatsky (28. juni 2014). «The 19 greatest double entendre songs: From «It Ain't the Meat» to «Let Me Play with Your Poodle,» the sneakiest sex songs in the history of music». Salon. salon.com.