Bigset er ein krins i Hareid kommune. I Bigset ligg mellom anna grendene Bigset, Bjåstad, Rise og Snipsøyrdalen med Snipsøyrvatnet og badestranda Holesanden.

Det er også den krinsen i Hareid kommune som ligg nærast Ulstein kommune. På Bigset er det barneskule, ein filial av Ulstein vidaregåande skule og ein barnehage. Her ligg også det over 100 år gamle Bygdatunet.