Ulstein kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Ulstein er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Av dei om lag 8 300 innbyggjarane bur 6 900 på Hareidlandet og 1 400 på Dimnøya. Andre bebudde øyar er Eika og Hatløya. Kommunen grensar til Hareid i aust og Herøy i vest. I søraust ligg Ørsta og Volda, som Ulstein er knytt til via Eiksundsambandet.

Ulstein kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Ulsteinvik
Areal 97,20 km²
 - land 94,88 km²
 - vatn 2,32 km²
Folketal 8 861  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Stian Skorgen Scheide[1] (H) (2023)
Kommunenr. 1516
Kart
Ulstein kommune
62°21′23″ N 5°51′14″ E
Wikimedia Commons: Ulstein
Nettstad: www.ulstein.kommune.no

Kommunesenter er Ulsteinvik. Tettstaden hadde, ifølgje SSB, 5 376 innbyggjarar per 01.01.2015. Den nærliggande tettstaden Sundgot hadde 972 innbyggjarar.

Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.

Næringsliv og utdanning endre

Skipsindustrien ber økonomien i kommunen. Ulstein Group og Rolls-Royce er hjørnesteinsverksemder. Kleven Verft fekk bustyrar i juli 2020.[2][3][4]

Ulsteinvik er også eit handelssenter og skulesenter. Det er 4 skulekrinsar i Ulstein: Haddal, som femner om bygdene Eiksund, Haddal og Garnes. Hasund, som femner om Dimnøya og Hasund grunnkrins. Ulsteinvik, som dekkjer gardane Osnes, Vik, Saunes, Hofset og Holseker. Ulstein, som femner om bygdelaga Skeide, Ulstein og Flø.

Historie endre

Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.

Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.

 
Ulsteinvik sentrum sett frå Hasundhornet.
 
Ulsteinvik, sett frå Høgåsen på Dimnøya.
 
Ulstein kyrkje i Ulsteinvik

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:

1.1.1917[5] 1.12.1920[6] 1.12.1930[7] 3.12.1946[7] 1.1.1951[8] 1.1.1961[8] 1.1.1971[8] 1.1.1981[8] 1.1.1991[8] 1.1.2001[8] 1.1.2010[8]
2336a 2335a 2477a 2835a 2953a 3436a 4558 5335 5751 6615 7461

a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.

Kjende folk frå Ulstein kommune endre

Fotnotar endre

  1. Ulstein kommune «Stian er valt til ordførar»
  2. Alle ansatte i kriserammede Kleven Verft blir sagt opp. E24. Vitja 7. juli 2020
  3. 7. juli 2020 kl. 12:39 Kleven-ansatte sagt opp. NRK. Vitja 7. juli 2020
  4. Korsnes, Malin Kjellstadli (3. juli 2020). «Kleven Verft er konkurs». NRK. Henta 3. juli 2020. 
  5. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  6. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  7. 7,0 7,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 Folkemengd i Ulstein 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre