Bill MacCormick

britisk komponist

William «Bill» MacCormick (fødd 15. april 1951) er ein engelsk bassist og vokalist.

Bill MacCormick
Fødd15. april 1951 (71 år)
FødestadLondon i England
FødenamnWilliam MacCormick
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1971
SjangerMusikar, vokalist, Guitarist
Instrumentbassgitar, gitar
Tilknytte artistar801, Matching Mole
Verka somkomponist, gitarist, jazzmusikar, jazzgitarist, songar

MacCormick var ein av dei opphavlege medlemmane i bandet Quiet Sun, som vart oppløyst i 1971. MacCormick vart då medlem av det nye bandet til Robert Wyatt, Matching Mole. Bandet vart oppløyst etter å ha gjeve ut to album i 1972, og MacCormick vart ei kort stund med i Gong i Frankrike hausten 1972. Hausten 1973 spelte han på to spor på debutalbumet til Brian Eno, Here Come the Warm Jets og dei neste åra spelte han stundom med Phil Manzanera, før dei i 1976 slo seg saman med Brian Eno og skipa det kortvarige 801, som spelte tre konsertar og gav ut eit konsertalbum hausten 1976. I 1977 vart MacCormick med i gruppa Random Hold. I 1980 forlet han musikkindustrien for å følgje ein karriere i politikk og vart sidan bystyremedlem i bydelen Bromley i London.

FilmarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra