William Winston Kidd, kjend som Billy Kidd, (fødd 13. april 1943) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Stowe i Vermont som vart verdsmeister i den alpine kombinasjonen i 1970 og vann OL-sølv i slalåm under vinterleikane 1964 i Innsbruck.

Billy Kidd

Statsborgarskap USA
Fødd 13. april 1943 (81 år)
Burlington
Yrke alpinist
Billy Kidd på Commons

Aktiv endre

Kidd deltok i VM i alpine greiner 1962 i Chamonix og vart nummer åtte i slalåmrennet. To år seinare vann han sølvmedaljen i same greina under Vinter-OL 1964 i Innsbruck og kom på sjuandeplass i storslalåm. Med desse gode prestasjonane og gjennomført utforrenn vart han nummer tre i kombinasjonen og vart tildelt ein VM-bronse av Det internasjonale skiforbundet (FIS).

Under dei olympiske vinterleikane 1968 i Grenoble vart Kidd nummer fem i storslalåm. Ved VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina vann han gullmedaljen i kombinasjonen, etter å ha teke bronsen i slalåm, kome på delt femteplass i utforrennet og vorte nummer 15 i storslalåm.

Kidd vann to slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner, begge i heimlandet USA, i høvesvis 1968 og 1969. Han la opp som aktiv i 1970.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar