Det internasjonale skiforbundet,
Det internasjonale skiforbundet, på fransk Fédération internationale de ski, forkorta FIS er verdsorganisasjonen for i fremste rekke alpin skisport og nordisk skisport. Organisasjonen vart skipa 2. februar 1924 i Chamonix, 14 nasjonale skiforbund var med på skipinga.
Det internasjonale skiforbundet, | |
![]() | |
Skipa | 1924 |
---|---|
Hovudkontor | Oberhofen am Thunersee |
Leiar | Johan Eliasch |
Verkeområde | jorda, verdsfemnande |
Nettstad | www |
FIS vart skipa under den internasjonale skisportsveka i Chamonix vinteren 1924, seinare anerkjent som dei 1. olympiske vinterleikane. Skipinga av FIS var ei vidareføring av den internasjonale skikommisjonen (CIS) som hadde kome saman i Kristania vinteren 1910 og som i 1911 vedtok regelverk for dei ulike tevlingane innan nordiske greiner. Alpine greiner kom med i Det internasjonale skiforbundet i 1930. Sidan 1965 har ein teke med fleire særgreiner, fyrst speedski, seinare freestyle-ski (1977), grasski, rulleski og snøbrett (begge 1994).
Det internasjonale skiforbundet har i 2011 i alt 111 medlemsland. Hovudkontoret ligg i Oberhofen am Thunersee i kantonen Bern i Sveits. Organisasjonen har tre offisielle språk; engelsk, fransk og tysk.
Presidentar Endra
- 1924–1934 - Ivar Holmquist, Sverige
- 1934–1951 - Nikolai Ramm Østgaard, Noreg
- 1951–1998 - Marc Hodler, Sveits
- 1998–2021 - Gian-Franco Kasper, Sveits
- 2021– Johan Eliasch, Sverige
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Fédération Internationale de Ski» frå Wikipedia på tysk, den 30. desember 2011.