Billy Mundi (fødd 25. september 1942 som Antonio Salas i San Francisco) er ein amerikansk trommeslagar best kjend som medlem i The Mothers of Invention og Rhinoceros. Han har òg arbeidd som studiomusikar. Han nytta stundom namnet Tony Schnasse.

Billy Mundi
Fødd25. september 1942
FødestadSan Francisco
Død29. mars 2014 (71 år)
FødenamnAntonio Salas
AliasTony Schnasse
OpphavUSA
Instrumenttrommesett
Verka somtrommeslagar, studiomusiker

Mundi var tidlegare medlem av Hells Angels og musikkarrieren hans starta seint i 1950-åra, då han studerte musikk ved UCLA. Etter studiane arbeidde Mundi tre månader som paukespelar i Los Angeles Philharmonic før han byrja som studiomusikar og medlem av ei rekkje lokale band.[1] Tidleg i 1960-åra spelte han i gruppa til Skip Battin, Skip and The Flips, og arbeidde som studiomusikar på mellom andre debutalbumet til Tim Buckley. Mundi var ei kort stund medlem av The Lamp of Childhood i 1966.[2]

I 1966 vart han med i The Mothers of Invention under innspelinga av Freak Out!, og spelte seinare trommer på fleire Mothers-album. Han er òg med i filmen Uncle Meat. Han vart lokka bort frå the Mothers av Jac Holzman i Elektra Records for å danne supergruppa Rhinoceros. I følgje Frank Zappa «gav Holzman Billy Mundi ein haug med pengar, ein stad å bu, heile pakken - me skal gjere deg til ei stjerne, du skal få arbeide med desse flinke musikarane i staden for desse komikarane...Men eg klandrar ikkje Billy for at han tok jobben, for på den tida var me så fattige at han budde på Albert Hotel og hadde ikkje råd til mat - han brukte å komme inn og fortelje oss at han hadde dempa svolten ved å drikke varmt vatn i dusjen...».[3]

Kring 1970 flytta Mundi til Woodstock i New York, der han arbeidde med Geoff Muldaur og Maria Muldaur og som studiomusikar. Han budde i mange år i California fram til han døydde.

Kjelder endre

  1. Rhinoceros History
  2. Warburton, Nick. «The Lamp of Childhood». Garage Hangover. Chris Bishop. Henta 13. februar 2011. 
  3. Billy Mundi