Pauke er ei tromme laga av ein halvkuleforma metallkjele dekt av eit utspent skinn som kan stemmast i ulike tonehøgder ved hjelp av skruer eller ein pedalmekanisme.

Pauke

Perkusjon
Andre namnTimpani
Klassifiseringskilde skåltrommer, pitched percussion instrument
Hornbostel-Sachs klassifisering211.11-922
Speleregister
Toneomfanget på ein pauke kjem an på omkrinsen

Pauker kom til Europa frå Asia på 1100-1400-talet, og er det eldste perkusjonsinstrumentet i symfoniorkesteret, og er ein kopar- eller messingkjele belagt med kalveskinn eller plastskinn. Naturskinna (kalveskinna) endrar klang alt etter vêrforhold og fukt, og skal derfor stemmast hyppig i motsetning til plastskinnspaukar. Diameteren på pauken er frå 50 til 90 cm og dei blir slått på med trekøller som har hovud av filt, lêr eller svamp.

Ein pauke kan berre vera stemt til ein tone om gongen, og blir derfor ofte oppstilt i sett på 2-5 stk., der kvar er stemt i forskjellige tonar. Paukane blir stemt ved hjelp av pedalar som set pauken i det rette toneleiet, der han vidare blir finstemt ved hjelp av dreiehandtak. Skinnet blir stemt opp ved hjelp av ein stemmenøkkel.

Under konsertar skal paukisten ofte stemma ein eller fleire av sine paukar om til ein annan tone. Når dette skjer er paukisten nøydd til å setja hovudet heilt ned til skinnet for å kunne høyra tonen utan at publikum skal høyra han.

Kjelder endre

  • Pauke (22. juni 2012), Store norske leksikon. Henta 5. desember 2013.
  • Denne artikkelen bygger på «Pauke» frå Wikipedia på dansk, den 23. juli 2009.