Biofilm

Biofilmar er samfunn av mikroorganismar (til dømes bakteriar) som er feste til kvarandre og/eller ei yte gjennom ein i hovudsak sjølvlaga matriks av ektrasellulære polymeriske substansar. Biofilmen gjer det mogeleg for organismane å leva på måtar som klart skil seg frå dei levevisa sjølvstendige, frie organismar har.

Biofilm av gule stafylokokkar på eit kateter

Biofilmar kan mellom anna verka som eksterne meltingssystem og gje bakteriar auka overlevingsevne overfor antibiotikum.

I dei fleste biofilmane tel mikroorganismane for mindre enn 10 % av den turre massen medan matriksen kan telja for over 90 %.

KjelderEndra