Biotop

leveplass for ein plante eller dyreart

Biotop (av gresk bio: liv og topos: stad), eit nokolunde einsarta område som utgjer levestad for samfunn av planter og dyr, og som er kjenneteikna ved definerbare levevilkår for desse. Nokre arter er strengt bunde til ein type biotop medan andre, såkalla mobile arter er meir fleksible.

Ei elgku i barskog, ein typisk biotop for dette hjortedyret.

Omgrepa biotop, habitat og økosystem brukast ofte om kvarandre, og kan ha vekslande definisjonar innanfor ulike fagmiljø.