Økosystem er eit omgrep i økologien som omfattar eit samfunn av organismar (plantar, dyr og andre levande organismar) som fungerer saman med levemiljøet sitt (sjå biotop/habitat) som ei eining.

Døme på eit økosystem: Ein skog i den amerikanske delstaten Washington.
Foto: Tom Harpel

Etymologi endre

Første gongen omgrepet «økosystem» vart publisert var i 1935, i ein artikkel av den britiske økologen Arthur Tansley. Omgrepet hadde likevel vore brukt tidlegare av Tansleys kollega Roy Clapham i 1930, då han vart spurd om han kunne tenke seg eit passande ord som omfatta dei fysiske og biologiske komponentane i eit miljø sett i høve til kvarandre som ei felles eining.

Definisjon endre

 
Jorda, eit økosystem (Kjelde: NASA)

Eit økosystem dannar ein dynamisk og kompleks heilskap i form av ei økologisk eining. Enkelte ser på det som ei basiseining i økologien, berre ei strukturert funksjonell eining i likevekt, karakterisert ved energi og materie som flytter seg mellom dei ulike komponentane som utgjer økosystemet. Ein del meiner likevel at ein slik definisjon er for avgrensa.

Eit økosystem kan variere enormt i storleik. Det kan vere ein heil skog så vel som ein liten dam. Ulike økosystem er ofte avgrensa av geografiske barrierar, slik som elvar, fjell eller fjordar. Det kan også vere avgrensa i seg sjølv, slik som til dømes innsjøar, ørken, osb. Sidan desse avgrensingane aldri er absolutte, overlappar ofte ulike økosystem kvarandre. Dermed kan sjølve jorda sjåast på som eitt stort økosystem, eller ein kan dele ein innsjø inn i fleire økosystem, alt avhengig av kva skala ein opererer i.

Orda økosystem og økoregion blir ofte brukt om einannan ved at store økosystem får nemninga økoregionar. Det er likevel stor fagleg semje om å definere økoregionar som geografisk definerte einingar, slik som relativt store vass- og landområde som har spesifikke eigenskapar. Inndeling i økoregionar er ein måte å kode ulike regionar der ein observerer særskilte mønster eller likskapar i økosystema.

Biotiske faktorar endre

 
Dei autotrofe (produsentane) bygger opp organiske sambindingar av uorganiske stoff i omgjevnadane. Dei heterotrofe får energien sin frå dei organiske stoffa som produsentane har bygd opp.
 
Produsentane i eit økosystem dannar grunnlaget for dei andre organismane.
Foto: Sebastian Maćkiewicz

Dei biotiske faktorane i eit økosystem er dei levande organismane som finst der. Me reknar med to økologiske hovudgrupper av organismar:

  1. Dei autotrofe (produsentane) bygger opp organiske sambindingar av uorganiske stoff i omgjevnadane. Dei fleste økosystem baserer seg på fotosyntetiske organismar, som har sollys som energikjelde, men det finst òg nokre område der såkalla kjemoautotrofe bakteriar fikserer energi frå kjemiske stoff og står for primærproduksjonen. Energien i alle økosystem er avhengig av arbeidet til dei autotrofe organismane som finst der. Døme på viktige autotrofe organismegrupper er plantar, cyanobakteriar og algar.
  2. Dei heterotrofe får energien sin frå dei organiske stoffa som produsentane har bygd opp. Me deler dei vidare inn i to undergrupper:
    • a Konsumentar eller predatorar lever av andre levande organismar. Me deler dei som regel inn etter trofisk nivå, det vil seie kvar dei står i næringskjeda. Ein planteetar som får næringa si direkte frå dei autotrofe organismane, er ein primærkonsument, medan eit rovdyr som et planteetaren, er ein sekundærkonsument. Viktige konsumentgrupper omfattar m.a. dei fleste dyr og mange bakteriegrupper.
    • b Dekomponentar eller nedbrytarar får energien sin frå daudt organisk materiale. Desse er naudsynte for alle økosystem og består av ulike grupper sopp, bakteriar, plantar og dyr.

Mellom artane finst det ulike former for samspel som regulerer populasjonen av kvar art og sørgjer for stabilitet eller utvikling i økosystemet.

Organismane i eit økosystem er vanlegvis vel balanserte i høve til kvarandre og til miljøet rundt. Innføring av nye miljøfaktorar eller artar kan ha katastrofale effektar og til slutt føre til at eit økosystem bryt saman eller at innfødde artar døyr ut. Det abstrakte omgrepet økologisk helse er eit forsøk på å måle styrken og evna til restituering for eit naturleg økosystem.

Abiotiske faktorar endre

Dei abiotiske faktorane i eit økosystem er dei ikkje-levande fysiske og kjemiske faktorane som direkte eller indirekte påverkar livet der. Dei omfattar m.a. lys, temperatur,jord, vatn, atmosfæriske gassar, vind, kva bergartar som finst i området og korleis topografien er.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Økosystem