Birgit Gjernes
Birgit Halvorsdotter Gjernes (18. mai 1922–21. januar 2018) var ein norsk journalist og programskapar i radio og fjernsyn, fødd i Nesherad i Telemark. Ho arbeidde nesten 40 år i Norsk Rikskringkasting, der ho laga mange kulturprogram.
Birgit Gjernes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. mai 1922 Sauherad kommune |
Død | |
Yrke | skribent, kulturjournalist, radioprogramleiar |
Ektefelle | Lennart Nordløf Knudsen |
Gjernes tok examen artium ved Grimeland skole i Oslo. Etter songstudiar ved Musikkonservatoriet i Oslo studerte ho filologi ved Universitetet i Oslo, vart cand.philol. i 1950 med tysk hovudfag.
I 1951 vart Gjernes tilsett i NRK som programsekretær, arbeidde i Utanlandssendinga. Frå 1959 var Opplysningavdelinga i radioen arbeidsplassen hennar. Her sysla ho mykje med kulturstoff, særleg litteratur og teater. Gjennom åra var ho knytt til mange programseriar i NRK; så som Ønskediktet, Ord i dag, Møte med menneske, Bokkvelden, Teatermagasinet, I rampelyset og Ekko. Ho hadde også ansvaret for ei rad TV-program. Frå 1978 til 1990 var ho redaksjonssjef i kulturavdelinga i P1. I NRK nytta ho både nynorsk og bokmål.
Gjernes skreiv Marie Hamsun – et tidsbilde og redigerte verk om lyrikaren Aslaug Vaa og om lyrikk. Ho omsette fleire bøker og teaterstykke frå tysk, engelsk og svensk.