Birjutsj
by i Russland
Birjutsj (russisk Бирюч) er ein by i Belgorod oblast i Russland med om lag 8000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tikhaja Sosna, rundt 130 km aust for Belgorod.
Birjutsj Бирюч | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Belgorod oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1705 2005 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt |
8 014 | ||||
Koordinatar | 50°39′N 38°24′E / 50.650°N 38.400°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | 47247 |
Busetnaden vart grunnlagt som Birjutsj i 1705. På byrjinga av 1900-talet var byen kjent som eit handelssenter. I 1919 vart namnet endra til Budjonnij (russisk: Будённый, til ære for Semjon Budjonnij. I 1958 vart han ein landsby under namnet Krasnogvardejskoje (russisk: Красногвардейское – tyder Den raude garden). I 1975 fekk han status som urbanliknande busetnad, og i 2005 bystatus med det historiske namnet Birjutsj.
Næringslivet i byen omfattar næringsmiddelindustri, eit teglverk og trykkeri.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Birjutsj» frå Wikipedia på bokmål, den 24. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.