Tikhaja Sosna (russisk Тихая Сосна) er ei elv i Belgorod og Voronezj oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå høgre. Ho er 161 km lang og har eit nedslagsfelt på 4350 km².

Tikhaja Sosna
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 4 350 km²
Lengd 161 km
Middelvassføring 5,9 /s
Kjelde Volokonovskij rajon i Belgorod oblast
Munning Don
Kart
Tikhaja Sosna
50°29′13″N 37°58′14″E / 50.486861111111°N 37.970666666667°E / 50.486861111111; 37.970666666667
Wikimedia Commons: Tikhaya Sosna River

Elva spring ut frå dei søraustlege områda av Det sentralrussiske høglandet i nærleiken av landsbyen Pokrovka i Volokonovskogo rajon i Belgorod oblast. Vårflaumen oppstår i mars og april. Middelvassføringa 87 km frå munningen er 5,9 m³/s.

Elva renn gjennom eit jordbruksområde, men somme stader er det likevel eikeskog og frukttre. I nedre delar av elva renn ho over steppelandskap.

Av byar langs elva finn ein Birjutsj, Aleksejevka og Ostrogozjsk.

Kjelder

endre