Bishorn
Bishorn er eit 4 153 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Fjellet har tvillingtoppar, vesttoppen er 18 meter høgre enn austtoppen (oftast kalla Pointe Burnaby). Mellom dei to toppunkta strekker ein 600 m lang snørygg seg. Frå toppen har ein eit inntrykksfullt utsyn mot nordryggen på Weisshorn. Bishorn er eigentleg ei forlenging av denne ryggen.
Bishorn | |||
fjell | |||
Bishorn (venstre, bak) og Turtmanngletscher (høgre)
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 153 moh. | ||
Primærfaktor | 120 m ↓ mot Weisshorn | ||
Koordinatar | 46°7′4″N 7°42′53″E / 46.11778°N 7.71472°E | ||
Lettast tilkomst | Nordvestsida, (F) | ||
Førstestiging | G. S. Barnes | ||
- dato | 18. august 1884 | ||
Bishorn 46°07′05″N 7°42′54″E / 46.11794°N 7.71506°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Bishorn |
Utgangspunkt for normalruta over nordvestsida er Cabane de Tracuit (3 265 m), som ein når frå landsbyen Zinal (1 675 m). Frå skaret Weisshornjoch fylgjer ein fjellryggen til toppegga. Om våren kan ein med ski gå langs normalruta og stige heilt til topps på Bishorn.
Fyrstebestiginga fann stad 18. august 1884. G.S. Barnes og R. Chessyre-Walker med hjelp frå fjellførarane Joseph Imboden og J.M. Chanton kleiv heilt til topps. Fyrste gongen folk stod på toppen av austtoppen (Pointe Burnaby) hende allereie 6. mai 1884. Engelske Elizabeth Burnaby var då i fylgje med fjellførarane Joseph Imboden og Peter Sarbach.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bishorn» frå Wikipedia på tysk, den 18. november 2009.