Bjørøya er ei øy i Flatanger kommune i Trøndelag. Øya måler 3,9 kvadratkilometer.

Bjørøya
Geografi
Stad Namdalen
Koordinatar 64°34′13″N 10°48′51″E / 64.57028°N 10.81417°E / 64.57028; 10.81417

Areal 3,9 km²

Høgaste punkt Sørfjellet (130 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 0

Bjørøya har spelt ei dominerande rolle i Flatanger si historie. Arkeologiske funn fortel om busetnad her tilbake til yngre steinalder. Ho er òg nemnd i Sverre sine kongesagaer. I periodar frå slutten av mellomalderen var ho godssete med store eigedomar i Flatanger og andre stader i og utanfor Namdalen.

Ved folketeljinga i 1801 budde 63 personar fordelt på 16 familiar på matrikkelgarden Bjørøya, der halvparten var husmannsfamilar på småøyane rundt (som høyrte til eigedomen).

Bjørøya høyrte med til dei gamle borgarleiene (med rett til å drive handel) og vart ein sentral handelsstad i Flatanger på 1800-talet. I tillegg til butikkverksemda vart det mellom anna drive fiskehandel, bakeri, dampskipsekspedisjon og gardsbruk her. Øya sin framtredande posisjon på denne tida kom til uttrykk på fleire måtar. Då Namdalen skulle få sin by, var Bjørøya ein av dei mest aktuelle stadane, men i 1842 fall valet på Namsos. I 1852 opna Bjørøya postopneri som det første i kommunen. I ein del år omkring og etter førre hundreårsskifte var det òg hurtigruteanløp på øya. Utover på 1900-talet overtok Lauvsnes gradvis rolla som viktigaste handelsstad i bygda.

Bjørøya var busett og hadde skipsekspedisjon og butikk fram til tidleg på 1970-talet. Dei seinare åra er det drive fiskeoppdrett delvis med base på øya, men det er ingen fastbuande her. Etter forsøk med utsetting har øya i dag ein levedyktig bestand av hjort.

Heilt vest på øya ligg Ellingråsa fyr, oppført i 1888.

Kjelder endre